Ivrige søppelplukkarar under ein tidlegare aksjon. Nå blir det ein ny runde tysdag 11. mai. Foto: Arkiv

FINNØY:

11. mai stiller alle elvane i frå 1. – 9. klasse opp for å ta i eit tak for nærområdet sitt. Êin gjeng skal  rydda, kosta og fjerna ugras på skuleområdet, medan andre skal rydda søppel langs vegen i frå KIWI via båthamner, ferjekaia, byggefelt og til Lauvsnesvågen,

Sentralskulen har lang tradisjon med å rydda Judaberg om våren, og arbeidet blir gjort i skuletida.

Ryddeaksjonen er eit samarbeid mellom skulen og frivilligsentralen som syt for hanskar og posar, og ikkje minst is etter at jobben er gjort.