SJERNARØY:

Ferjekaien på Helgøy blei stengt  får torsdag på grunn av oppgradering for dei nye ferjene som skal koma neste sommar.  All trafikk går nå over Nesheim.,

Den austeuropeiske trailarsjåføren som Øyposten møtte på ti over halv ni ferja frå Judaberg (som var litt forsinka pga omlegginga), såg ikkje ut til å vera førebudd på den nye ruta.

"Ruski" og "Helgoy", var alt han kunne seia, før han kjørte på land på Nesheim. Ombord var det delt ut kart over den nye ruta til sjåførar, men han hadde ikkje fått noko før han fekk eit av Øyposten.

Dermed var han i alle fall rettleia når det galdt vegen.

Problemet oppstod då han skulle passera den smale brua mellom Bjergøy og Aubø. Av alle flaskehalsar på den smale vegen, tek denne kaka.

Med nød og neppe klarte han å passera etter fleire forsøk, og rygging og gestikulering. Klaringa var bare nokre få centimeter, men akkurat nok til at det gjekk bra denne gongen.

Arbeidet med kaien skal pågå resten av denne veka og neste.