Styreleiaren i Coop Finnøy, Anne Lise Kindingstad hadde ei hyggeleg melding til styreleiaren i Fleibrukshallen i dag, Arild Flesjå: Hallen får 36 700 kroner av kjøpeutbyttet i november.(Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

Når nøden er størst så er hjelpa nærmast seier eit gamalt ordtak. Nå er det ikkje slik at nøden er så stor at Fleirbrukshallen ligg nede for telling. Nei, men det var ein fantastisk fin tanke av Coop å støtta hallen i desse koronatidene. Det er ikkje å stikka under ein stol at vi som er styre for hallen har merka den tida vi er i og at utfordringane ligg i dagen.,

I skrivande stund så var vi godt i gang og hadde fått opp aktivitetsnivået på mest det normale. Men så er det bortimot full revers og aktivitet etter aktivitet blir stoppa på ubestemt tid. Det betyr igjen bortfall av inntekter, men det betyr også at brukerane våre misser muligheten for å aktivisera seg i hallen vår, og det er kanskje det mest alvorlege. Hallen skal nok klara seg sjølv om inntektene ikkje blir som kalkulert. Så får vi sjå framover og over på den andra sida av koronaen då vi igjen kan åpna for full aktivitet

Mykje av grunnen til å vera optimist er at vi er så heldige her i lokalsamfunnet vårt å ha eit fantastisk næringsliv der bedrifter sponsar ei lang rekke av tiltak til beste for innbyggerane.  Fleirbrukshallen er svært takknemlege for å ha faste sponsorar som har sitt reklameskilt i hallen og som til saman bidreg med ca 150 000,- kvart år. Det er ei av dei viktigaste inntektene vi har, som saman med alle dei andre faste leigeinntektene og ekstrainntekter gir oss rom til å driva og vedlikehalda hallen som svært mange  eig ein bit av.

Det som er spesielt for Fleirbrukshallen er at det ikkje finnes kompensasjonsordningar når det blir bortfall av inntekter pga korona. Urettferdig?? Ja synes vi, fordi vi driv hallen på dugnad og mykje på same måte som andre som driv med å aktivisera befolkningen i eit fellesskap. Men slik er det og då får ein gjer det beste ut av situasjonen og sjå muligheter.

Då er det så flott å få slik ekstra og uventa gåve som Coop har gitt oss og som gjer at ting  blir lettare framover. Igjen tusen takk til styret i Coop Extra på Finnøy.

Helsing styret i Finnøy Fleirbrukshall