Morten Hovet er kommunelege i Finnøy og Rennesøy kommunedel Foto: Arkiv

FINNØY: - Ja, det stemmer. Talet på folk som har blitt testa den siste tida har auka. Det skuldast i all hovudsak ei ny oppblomstring av smitten, utanlandsreising, samt at fleire testar seg.,

-Kor mange har så langt testa seg?

- Eg trur ikkje det er registrert tal på kor mange frå dei forskjellige bydelane som har testa seg på teststasjonen ved Stavanger Forum.

Legekontor i Finnøy har hittil ikkje hatt moglegheit til å tilby rutinemessig testing på grunn av plassmangel, men me testar viss ikkje pasienten av ulike årsakar kan reisa til Stavanger, eller når me eventuelt er på heimebesøk. Det er difor få som har blitt testa lokalt på Finnøy, kanskje ikkje meir enn 20 – 30 personar totalt.

- Er det folk i Finnøy som har testa positivt?

- Eg kan ikkje og ynskjer ikkje svara på det. Folk i Finnøy har vore ute og reist som alle andre, men det finns ikkje utbreidd smitte. Folk får beskjed dersom dei har vore saman med nokon som har testa positivt.