Spørsmålet om Finnøy Betong skal få utvida skal nå avgjerast i Stavanger kommune.

STAVANGER:

Spørsmålet om Finnøy Betong skal få utvida skal opp i utvalg for by og samfunnsplanlegging denne veka. Og innstillinga er positiv. Det reviderte forslaget legg betre til rette for at dagens verksemd kan få vera her, og at konfliktane med landbruket blir redusert, heiter det i innstillinga.,

Det blir også vist til at det ikkje lenger er snakk om å dobla produksjonen, men at utvidinga dreiar seg om å få betre lagerplass. Støproblematikken er heller ikkje av ein slik karakter at det er grunnlag for å gå mot søklnaden, er konklusjonen.

Men det blir likevel sagt at verksemda ikkje ville blitt plassert i dette området i dag, og protestane mot planane har vore mange både frå private og frå offentleg hald. Saka skal endeleg avgjerast i Stavanger kommunestyre i midten av november.