Utstein Kloster Hotell på Mosterøy er komme i fint selskap blant De Historiske.

RENNESØY:

- Reglane inneber at me ikkje kan tilby gjestene aktivitetar eller servera eit glass vin eller øl til maten. Dei kan knapt nok opphalda seg i fellesareal. Situasjonen gjer at det ikkje er mogleg å halda ope i påska, seier Robert Raustein, drift -og hotellansvaleg ved Utstein Kloster Hotell.,

Med to meters avstand mellom borda blir kapasiteten i restauranten redusert ifrå 88 til 14 gjester.

- Det kjennes urettferdig for oss som ikkje har hatt eit einaste smitetille her ute og måtte underlegga oss det same strenge regime som stader der smittertykket er stort. Me har ingen gjennomgangstrafikk, eller gjester som berre droppar innom. Her er alt førehandsbestilt difor har me god kontroll og oversikt på alt som skjer. Situasjonen påfører oss sjølvsagt store økonomiske tap.

Heilt sidan januar har dei fleste tilsette vore permitterte, berre eit fåtal er igjen på hotellet.

- I fyrste omgang ser me fram til 12. april og håpar at situasjonen då har har blitt såpass bra at me kan byrja fungera tilnærma normalt igjen. Uansett er det sommar sommarsesongen me sett vår lit til.  I motsetning til i fjor er me betre førebudd på ein annleis sesong, som for øvreg blei svært god, og som me har store forhåpningar til, avsluttar Robert Raustein.

Kai Risa driv Sjøberg Ferie på Rennesøy.

Sjøberg Feriesenter

- Påska rauk i fjor, no ryk den i år også. Me har bestemt å stenga restauranten. Slik dei nye smittevernreglane blei no, er det ikkje vits i halda ope i år. Det vil framleis bli litt aktivitet på kjøkenet i og med at me har catering. Det har vist seg at når restauranten stenger, er det fleire som bestiller mat til å ta med. I tillegg ha har me ein del arbeidsfolk som bur i leilegheitane, men dei har eige kjøken og klarer seg sjølv, seier Kai Risa ved Sjøberg Ferie til Øyposten.

- Er du uroa for tida framover?

- Ikkje direkte. Ut ifrå dei erfaringane me gjorde i fjor sommar, skal me snu oss rundt, og vera meir kreative enn me var då. Mykje tyder på at det kan bli ein ny norsk heime-sommar, med norske turistar, og  då skal me vera betre førebudd enn i fjor, seier Risa.

- Me har ingen store tankar om denne påska. Me kan ikkje gjera anna enn å fylgja gjeldane  smittevernråd, så det ligg til rette for ein roleg påske.

Risa opplyser at han har utvida drifta og starta med bobilparkering på området sitt ved feriesenteret.

Dagleg leiar Kjetil Medhus i Fjordbris Hotell i Østhusvik.

Fjordbris

Heller ikkje Kjetil Medhus i Fjordbris Hotell i Østhusvik har dei store forventningane til påsken.

- Nei, me har altså ikkje det, det kjem litt an på vêr og vind. Det blir uansett ikkje stor aktivitet, men me har god plass ute til å ta i mot gjester ute på den nye terrassen, sjølv med to meters avstand. Eg trur me må venta til alle er vaksinerte før det blir normale tilstander og drifta er skikkeleg oppe og går igjen. Inntil då må gjera det beste ut av situasjonen. Men eg er ikkje uroa for situasjonen på lang sikt, og ser positivt på sommarsesongen, seier Kjetil Mehus som nyttar «nedetida» og førebur seg på betre tider ved å utvidar kapasiteten. I første etasje er to nye leilegheiter under bygging i det som ein gong var den gamle butikken.