FINNØY/RENNESØY:

2021 og 2022 blir ein overgangsperiode der eigedomsskatten skal aukast jamt opp til 3 promille. Det betyr i praksis at i neste år blir eigendomsskattesatsen høgst 3 promille i tidlegare Stavanger og Finnøy, og 1 promille i tidlegare Rennesøy kommune. I 2023 skal heile kommunen ha eit felles nivå på 3 promille. Finnøy kommunedel som tidlegare hadde høgare promillesats enn 3, får dermed full effekt av redusert skattesats ifrå 2021. Neste år er maksimalskatten 4 promille, medan i år har kommunane lov til å krevja inn 5 promille.,

Dette medfører at alle typar eigedommar får lik skattebelastning i den nye kommunen.

I tillegg blir det vidareført eit frådrag på 400 000 kroner som skal gjelda heile den nye kommunen.

I overgangsperioden, og i fyrste år med fullt harmoniserte skattereglar, kan ikkje kommunestyret føreta endringar i den avtalte kombinasjonen av skattegrep. Etterpå står kommunestyret igjen fritt til å vedta andre kombinasjonar så lenge dei er innanfor gjeldande reglar.

310 millionar kroner skal kommunen ta inn gjennom eigedomsskatt i 2021.

Frist for utskriving av eigedomsskatten er 30.juni 2021. Det vil sei at skattesetelen kjem i posten innan utgangen av juni neste år.