Avdelingsleiar Ingrid Eliane Aksdal (t.v.) i Bru barnehage og Kjersti Søberg, virksomhetsleiar i Mastra barnehagane, håpar det fortsatt er ein mulighet for at politikarane vil prioritera oppgradering av uteområdet i Bru barnehage.|Ein kjedeleg footballbane er fortsatt tilbudet til dei eldste barna i Bru barnehage.|

RENNESØY: Barnehagen på Bru er over 30 år, men er seinare blitt både ombygd og oppussa.,

-Den største mangelen nå er oppgradering av uteområdet for dei største ungane, seier virksomhetsleiar for Mastra barnehagane, Kjersti Søberg og avdelingsleiar Ingrid Eliane Aksdal i Bru barnehage til Øyposten.

Begge understrekar at dei er svært tilfreds med oppfølginga av Stavanger kommune når det gjeld barnehagane i tidlegare Rennesøy kommune.

-Kommunen er flink til å vedlikehalda bygningar og er snare med å fylgja opp viss me melder om feil eller manglar, seier dei.

https://www.oyposten.no/2021/02/09/politikerne-ber-om-at-bru-barnehage-blir-prioritert/

Kommunen sine folk tok også turen til Bru for å sjå på uteområdet, då det skulle lagast ei prioriteringsliste for kva barnehagar som skulle prioriterast dei neste fire åra. Av 82 kommunale barnehagar i Stavanger kommune blei 27 prioritert, men ingen av dei seks kommunale barnehagane i Rennesøy.  Sjernarøy barnehage, Stokkedalen barnehage og Lassamyra barnehage blir prioritert først.

Uteområdet for dei eldste barna i Bru barnehage ligg åpent til for vêr og vind, og har heller ikkje mange spennande tilbud. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Nå skal lista vedtakast endeleg av politikarane i Stavanger denne veka, og barnehagen på Bru håpar fortsatt at barnehagen kan koma med på lista. Også eit enstemmig kommunedelsutvalg i Rennesøy ba sist veke om at Bru barnehage blir prioritert.

-Me veit ikkje kva kriterier som er lagt til grunn for denne lista, men me skulle gjerne oppgradert uteområdet for dei eldste barna våre, seier Søberg og Aksdal.

-Mellom anna skulle me gjerne hatt klatrestativ og disser som kunne gjort uteområdet meir spennande for desse ungane. Slik uteområdet er nå er det flatt og litt kjedeleg. Dessutan er det ganske åpent her og utsett for vêr og vind. Litt beplantning ville også hjelpt, seier dei to.

Bru barnehage har 59 barn totalt, og av desse er 34 i aldersgruppa tre til fem år.