Venterommet på Helgøy i Sjernarøyane.

FOGN:

-Dei ligg strategisk til på kaiane, er oppvarma og har toaletter. Med små midler bør dei kunna bli eit bra tilbod for turistar som kjem til øyane våre, seier Runestad til Øyposten.,

Det er offentlege ventrom både på Fogn, Halsnøy, Eidsund, Judaberg, Nesheim og Helgøy. Neste år blir dei overtekne av fylkeskommunen, etter at det til nå har vore Statens vegvesen som har hatt ansvaret.

https://www.oyposten.no/2021/02/17/vil-lokalisera-kommunen-si-dagsturhytte-til-finnoy/

Arbeidet er nå i gang med å finna mulige områder for ei dagsturhytte i Finnøy og Rennesøy, og turlaga har alt peika ut Finnøy som mest aktuelt.

Kart og gode tips

Runestad meiner at det uansett bør vera eit ide å sjå på alternativ bruk av venteromma på øyane.

-Kanskje dei kan utstyrast med kart og gode tips om kva som er å sjå på øyane, turforslag og anna som kan ønska turistane velkomne. Kanskje kan dei også gjerast endå meir innbydande viss lokale kunstnarar får utsmykka dei. Det er bare å la ideane myldra, bygningane står der uansett og ikkje alle blir plagsomt mykje brukt, seier Runestad.

Fagsjef for naturforvaltning/Turlag i Stavanger Turistforening, Anne Katrine Lycke, synes ideen i utgangspunktet er god.

Flott velkomst

-Dettte er nytt for meg, og er ikkje noko me har diskutert i Turistforeningen. Men  vil vera ein veldig flott velkomst til turistar som kjem med båten til øyane, det er positivt. Det blir nok fort eit spørsmål om pengar, og då må me vurdera ulike forslag opp mot kvarandr4e. Mellom anna planane om ei dagsturhytte, seier Lycke.

Også leiaren av samferdselsutvalet i fylket, Alexander Rügert-Raustein (mdg) tenner på ideen.

Ja til fleirbruk

-Fleirbruk av lokaler er heilt flott, dette er ein veldig spennande tanke. Det er mi oppfatning som miljøpolitikar. Så må sjøvsagt dei praktiske sidene avklarast, mellom anna når det gjeld eventuell matlaging og reinhald. Viss tanken blir forfylgd vidare reknar eg med at får det til vurdering i fylket, seier Rügert-Raustein.

Jon Olav Runestad (ap)

Prosjektleiar i fylkeskommunen  og ansvarleg for drifta av venteromma, Tor Gabrielsen er likevel noko reservert for denne type bruk av ventromma.

-Det er ein god tanke, men det er vitktig å vera klar over kva det fører med seg. Venteromma er i utgangspunktet laga for dei reisande, og viss me skal åpna for annan bruk vil det mellom anna kreva auka reinhald og tilsyn noko som igjen kostar pengar, påpeikar Gabrielsen.

Idyll og vakre øyar kan lokka turistar. Her frå Eidsund.