RENNESØY:

- Visst er det kjekt med lys i sentrum, og eg er glad for det me har fått. Men det kunne gjerne gjort litt meir ut av seg, og kanskje til og med litt meir kreativt? Eg tenker at i år spesielt, på grunn av koronasituasjonen, er der viktigare enn nokon gong med lys som pyntar opp rundt oss. Julelys skaper stemning og varme i ei tid kor me alle forsøker å oppretthalda ein så normal kvardag som mogleg. Og ikkje minst er det mykje kjekkare for alle som brukar sentrum.,

Linda Kallemyr driv frisørsalongen Harmoni i Vikevåg sentrum. Ho har pynta salongen både inne og ute med lys og granbar, kransar, juletre og blomar. Det er mest som ein kjenner julestemninga strøymer på.

- Eg kjem ifrå Etne og der er eg vane med meir julepynt i sentrum. Kvar butikkeigar pyntar sin eigen butikk. Eg tykkjer det ville vore ein god idé om handelstanden i Vikevåg sentrum hadde gått saman om eit felles pynteprosjekt, seier Kallemyr.

Judaberg sentrum har aldri vore finare julepynta enn i år. Her har handelstanden snakka saman, og inngått eit samarbeid, sjølv om kvar bedrift syt for eigen julepynt. I tillegg har Natur- og idrettsservice, Finnøy og Rennesøy fått stønad frå kommunen til ekstra julelys til sentrum i begge kommunedelane.

- Kvart år samarbeider me som har butikkar i sentrum i forhold til pynting. Eg trur ikkje det er feil å sei at det går ein slag raud tråd gjennom pynten. Me skulle gjerne hatt ein slags sentrumsforeining på Judaberg som kunne gått i bresjen for slike ting, men slik har me gjort det i mange år, og det har  fungert fint. Men, sentrum er ikkje ferdigpynta ennå, det kjem meir, lovar Marie Therese Reilstad i Finnøy Blomster og Interiør.