For første gang blir Normisjon si julemesse i Fleirbrukshallen.

STAVANGER

: Det er venta oppstart i Stavanger i løpet av veke 17, med Finnøy og Rennesøy hakk i hæl.,

For tida pågår det drilling av helsepersonell som skal vera med på massevaksineringa.

- Det einaste som eventuelt kan stoppa oppstarten er tilgangen på vaksiner, men me går ut ifrå at me får nok til å starta massevaksineringa. Det var venta at kommunen skulle få eit større parti AstraZeneca-vaksinar, men bruken av denne vaksinen er sett på vent til 15. april. Kva type vaksine me får, veit me ikkje. Det kan bli AstraZeneca viss styresmaktene godkjenner den, seier virksomhetsleiar i vaksinetenesta, Marianne Amdal, som fortel at ein vaksinatør kan vaksinera opp 30 personar i timen.

Mastrahallen på Mosterøy. Her er det rennesøybuen skal bli vaksinert. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Massevaksineringa skal føregå i Fleirbrukshallen på Judaberg og Mastrahallen i Rennesøy.

- Me kan ikkje rigga desse hallane før me veit at me har nok vaksinar på lager. Hallane blir brukt i mange andre samanhengar, difor må me venta til alt er klart. Det tek uansett berre eit par dagar.

Alle vil få ein SMS med tilbod om vaksine med lenke til bestilling av time når det er din tur. Sjekk at du er oppført med rett mobilnummer i kontakt- og reservasjonsregisteret. Viss informasjonen stemmer treng du ikkje gjera noko som helst. Kommunen anbefaler å fylgja med på heimesider der det vil bli lagt ut informasjon fortløpande.