Dagny Sunnanå Hausken overtek som ordførar i Kari Nessa Nordtun sitt fråver.

Essensen i vedtaket er at kommunestyret ber ordføraren ta Øyfast opp med den politiske leiinga i fylket. Det betyr at ordføraren vil be om at fylket utgreiar dei "samfunnsmessige og miljø- og klimamessige" sidene ved Øyfast, som er det same samarbeidspartia er blitt samde om i si felles politiske plattform.,

Det stadfestar ordførar Kari Nessa Nordtun overfor Øyposten.

--Vil du også be om at finansieringa av prosjektet blir ein del av de fylket skal sjå på?'

-Ja, det er naturleg, seier Nessa Nordtun.

Ho legg til at ho vil ynskjer å ha med seg varaordførar Dagny Sunnanå Hausken i møte med fylket.

-Når kan det bli?

-For min del kan det bli ganske snart, seier Stavanger-ordføraren.

Det var Sps Birger W. Hetland som tok opp saka i ein interpellasjon til ordføraren. Men Hetland lukkast ikkje med å få full støtte for sitt eige forslag, som uttalte ei meir forpliktande støtte til Øyfast frå kommunen si side.

Hetland hadde mellom anna med formuleringar som kunne tolkast som at det er eit mål for kommunestyret å realisera Øyfast. Det blei for tungt å svelja for fleire av partia.

Nå enda det med eit utvatna vedtak, som er i tråd med fleirtalspartia si politiske plattform. Likevel lukkast Hetland i å få storparten av kommunestyret med seg på å setja saka på dagsorden overfor fylket.