Vil lokka siderturistar til Hjelmeland

Om ei vekle åpnar Apal Sideriet, Apalbutikken og Apalstova i Hjelmeland.

Dan Olav Sæbø satsar på siderturisme på garden sin.
  • Rune Nedrebø
Publisert:

RYFYLKE: I midten av juni blir det offsiell åpning av det nye sideriet, som skal kunna produsera opptil 40.000 liter sider i året, opplyser Dan Olav Sæbø i ei pressemelding. Han titulerer seg som dagleg leiar og sidermarkar.

Sæbø overtok garden for to år sidan, og har sidan jobba for å utvida driftsgrunnlaget på bruket. Det har vore fruktproduksjon på Sæbø-garden sidan 1800-talet.

Apal Sideri fekk gull for sitt produkt Sølvsider i Cider World Award i 2020, med 119 av 120 mulige poeng i kategorien musserande sider.

Nå satsar sideriet aktivt på siderturisme, og det nye anlegget er bygd med tanke på nettopp turisme. Her blir det anledning til både å smaka og sjå.

Sidersatsinga har etter kvart fått stor betydning for Hjelmeland, kor det er etablert fire siderprodusentar.