Fridykkarar frå Rogaland undervanns jakt-og fridykkerklubb med noko av fangsten etter oppryddinga laurdag.|Dekka blir samla saman og frakta bort. Ryfylke Friluftsråd bistod under ryddeaksjonen laurdag.

RENNESØY: Resultatet blei mengdevis med bildekk og anna skrot.,

- Bare rundt kaien på Bru fann me 130-140 bildekk, frå store hjullastardekk til vanlege bildekk, opplyser Elisabeth Tønnessen til Øyposten.

Tønnessen er leiar i Rogaland undervanns jakt- og fridykkerklubb, og det var medlemmer frå klubben som stod for oppryddinga. Ryfylke Friluftsråd bidrog med å frakta alt skrotet bort.

Ifølge Tønnesen har klubben også rydda andre stader i området, mellom anna utfor kaien ved Utstein Kloster Hotell og i sjøen utfor kaien på Austre Åmøy. Også der blei det funne mykje dekk og annan rabe.

-Viss nokon veit om sjøbotn ved kaviar eller bryggjer som treng ryddast, er det bare å ta kontakt, seier Elisabeth Tønnessen.

Dykkarklubben har si eiga nettside som heiter «boblefri.no», kor det er kontaktinfo.

Tor Bernhard Harestad, som driv fiskemottak på Bru, gir full honnør til fridykkarane.

-Dei gjorde ein fantastisk jobb, heile gjengen. Dei burde fått ein påskjønnelse av kommunen for innsatsen dei gjer for å rydda opp i sjøen, seier Harestad.

-Kor kjem alle dekka frå?

- Det er fendrar til kaiar og bryggjer som har losna. Det var vanleg før å bare erstatta dei som mangla med nye, få brydde seg med å plukka opp dei som hadde forsvunne til botnar. Heller ikkje vegvesenet brydde seg om det, fastslår Tor Bernhard Harestad.