Snart kan dei siste lysa i Teigen koma på plass

«Teigens venner» ved Arild Flesjå i spissen, har søkt om midlar til montering av lys i siste del av turløypa på Finnøy, og fått eit klart ja. Dermed kan også snart den siste løypa bli lyssett.

  • Oddbjørg Måland
Publisert:
Frå Teigen på Finnøy.

FINNØY:

Rundt 450 000 kroner vil det kosta å få på plass dei siste 24 lyspunkta.,Fyrste etappe av den 1,2 kilometer lange turløypa fekk montert lys hausten 2019.,

Lysløypa som har ei kostnadsramme på rundt 1,2 millionar kroner, skulle etter planen ferdigstillast våren 2020,men har blitt forsinka i kommunen.

Imponerande dugnad

Flesjå, har saman med fleire andre lagt ned eit betydeleg tal dugnadstimar i prosjektet. Endeleg ser det ut til at lysløypa snart kan bli ferdig.

- All honnør til dei som jobbar frivillig med dette prosjektet. Takka vera innsatsen til Teigens Venner, slepp kommunen unna med «berre» 450 000 kroner. Det er ingen tvil om at kommunen får mykje igjen for denne investeringa, seier Birger Hetland (Sp)

I siste møtet i Utvalg for miljø og utbygging tidlegare denne veka, fremja Hetland eit tilleggsforslag på vegne av Ap, FP, MDG, Sp og V som blei enstemmiog vedtatt:  «Lysløype i Teigen innarbeides i Årsprogrammet 2022 Idrett og utemiljø. Ber direktøren finne handlingsrom eller innarbeide dette i neste tertialrapport.»

Beløpet skal innarbeidast  i årshjulet for avdelinga for Idrett og utemiljø i kommunen. Vedtaket i utvalget er likevel anka inn for formannskapet av Høyre, Frp og Venstre, men det blir ikkje rekna med at det vil ha betydning for denne saka.

Dermed er dt er grunn til å tru at forslaget frå Hetland og fleirtalspartia går gjennom det politiske systemet og blir vedteke i nær framtid.

- Det betyr at lysløypa i Teigen kan stå ferdig i løpet av dette året, seier Birger Hetland.