Rune Askeland (MDG) er leiar for Utval for miljø og utbygging.

STAVANGER:

-Me må nok ta ein diskusjon om kva som har skjedd, seier leiaren i utvalet, Rune Askeland (mdg) til Øyposten.,

Saka kjem opp i gruppeleiarmøtet i fleirtalspartia mandag kveld, og Askeland reknar med at måten prosjektet blei lyst ut på blir eit hovudtema.

-Prosjektet er splitta i 15 enkeltentreprisar, og kommunedirektøren sjølv peikar på at dette har fordyra prosjektet, seier Askeland vidare.

-Er det mulighet for at prosjektet blir stoppa?

-Eg tippar det blir vidareført slik innstillinga tilseier, men det er sannsynleg at det blir lagt inn noko om at det må sparast pengar det det kan, men utan at det går ut over kvaliteten. Det vil også bli eit disuksjonstema om det er rett å splitta opp byggeprojekt i mindre entreprisar. Hensikten var god, nemleg å leggja til rette for at lokale bedrifter kunne vera med i konkurransen.

Men når me ser at bare ei ein av dei som fekk tilslag, av totalt 15, er eit lokalt firma, så er opplegget ikkje spesielt vellukka. Eg tippar at det blir ein runde på dette når det gjeld framtidige prosjekt. Det er ikkje noko i vegen for at lokale bedrifter kan få oppdrag, sjølv om eit byggeprosjekt blir lyst ut som ein enteprise, seier Rune Askeland.

Prosjektleiar for det nye sjukeheimsbygget, Bjørn Kåre Ellingsen, seier at det ikkje er uvanleg å splitta opp prosjekt på denne måten det blei gjort her.

-Me gjorde det same med Ramsviktunmet sykehjem, i Stavanger, men med litt færre enteprisar, seier Ellingsen.

Han skulle ønskt at det var fleire som hadde meldt si intersse av lokale firma.

-Hensikten vår var å prøva og stimulera næringslivet i Finnøy, seier Bjørn Kåre Ellinsen.