"Cindy’s" satsar på ny og dobbelt så stor foodtruck
Cindy Falkeids nye speglande blanke, foodtruck lyser opp på Judaberg. «Bølgen & Moi» i Stavanger har kjøpt akkurat maken, bare litt mindre.
FINNØY:
-Eg gledar meg veldig til å ta vogna i bruk, det vil gi meg heilt andre muligheter, seier Cindy Falkeid til Øyposten.,
Den nye foodtrucken er litt av eit syn. Så blank at det går an å spegla seg i han, både utpå og inni. Den nye matvogna er omtrent dobbelt så stor som den gamle, og er eit fullt utstyrt, rullande kjøkken.
Innvending er det både grill, kjøle- og frysdisk, dobbel frityrgryte, pastakokar, komfyr, bakaromn, vifter og kjøleskap.
- Eg får mykje betre plass i den nye vogna. Her kan me minst vera to personar, seier Falkeid, som legg til at viss nokon har lyst på sommarjobb eller steppa inn for henne, så er det bare å ta kontakt.
-Det er ein enkel og kjekk jobb, og eg kan gi opplæring, seier ho.
Ifølge Cindy Falkeid går virksomheten på kaien på Judaberg godt, faktisk såpass godt at ho har sett seg råd til å kjøpa ei heilt ny og større vogn. Den ekslusive restauranten "Bølgen og Moi" på Oljemuseet i Stavanger henta ei vogn akkurat maken same dagen som henne. Bare litt mindre.
I tillegg til å selja både her på kaien på Judaberg og andre stader, har ho også hatt eindel bestillingar på catering.
-Kva gjer du med den forrige vogna?
-Den kjem eg til å behalda, kanskje leige henne ut, seier Cindy Falkeid.