Fotballen rullar igjen på Sjernarøy

Etter full stopp under pandemien, har idrettslaget på Sjernarøy nå vakna til liv igjen.

Ivrige fotballspelarar på Sjernarøy. Frå venstre Nathalie Røiseland Helgeland, Gunnar Frøiland Mjølhus, Malin Norheim Tuca, Maren Elise Mjølhus, Isak Rødne og Lillian Otilde Vestergaard Eike.|||||
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

SJERNARØY: -Me har både innebandy og fotballm, opplyser Irene Norheim i idrettslaget til Øyposten.,

Aktiviteten går på leik og bevegelse for barna, og siktemålet er først og fremst at ungane i øyane skal ha eit treffpunkt.

-Me håpar også å koma i gang med symjing på Finnøy, og har meldt ein person på livredningskurs i kommunal regi, opplyser Norheim vidare.

Det er trening på den flotte fotballballbanen kvar tysdag, og gruppene er inndel i ei gruppe for førsteklassingar, ei for andre til femte klasse og ei for sjette klasse og oppover. Til saman deltek over 40 ungar.

-Me skulle gjerne fått til eit fotballlag, men foreløpig spelar me mot oss sjølv, gutar og jenter saman, seier Iren Norheim.

Publisert: