4H: Endeleg landsleir igjen

I 4H er «Leir» eitt av årets høgdepunkt for mange 4H-arar. Årets leir er ekstra spesiell, då det er to år sidan førre storleir. Over 700 ungdommar og leiarar deltok på leiren som viste seg å bli ei drøymeveke.

Publisert: Publisert:
Deltakarane frå Ryfylket og Haugalandet.

Av Sigfrid Skogland Kristjansdottir

I løpet av ei hektisk veke skulle 68 deltakarar og 6 leiarar frå Rogaland skapa gode 4H-minner på 4H-landsleir i Breim. Frå Haugalandet og Ryfylket var det 12 deltakarar, av desse kom fire frå Terna 4H i Sjernarøyane. Inntrykka blei mange, og dagane fylte med ulike turar, aktivitetar, leik og moro.

Det var ekte leirglede når 4H-arar igjen kunne møta vener frå heile landet på Norsk Fjordhestgard i Breim i Gloppen kommune, 30. juli - 6., august. For 16 år gamle Magnus Rødne frå Terna 4H var det hans første storleir, som han omtalar som « veldig kjekk».

Varierte aktivitetar, spektakulære turar i “indrefileten av norsk natur” som generalsekretær i 4H Norge, Gro Helene Andersen, sa på opninga av leiren. Teltleir, vennskap, volleyball og mykje anna moro stod på programmet for ungdommane frå Sjernarøyene.

Vill og vakker natur

Mottoet til 4H er “å lære ved å gjere”, og det får 4H-arane prøvd seg på under leiren. I førebuing til leiren hadde dei valt ulike aktivitetar og turar dei vil vere med på i løpet av leirveka.

Mellom anna har deltakarane vore på fjellturar på Eggenipa og Ryssdalshornet, padla i Gloppefjorden, klatra i Via Ferrata i Loen, besøkt Hydlaparken i Stryn, ViteMeir på Kaupanger og mykje anna moro i nærleiken av leirområdet. Rødne hadde valt stisykling og rafting som aktivitet.

Heilt lokalt

Mottoet for leiren var “heilt lokalt!”, og deltakarane skulle med dette temaet bli betre kjende med bygdelivet.

Leirarrangøren, 4H Sogn og Fjordane, har tatt i bruk heile fylket, både til aktivitetar, arrangørar, mat og underhaldning.

Om kveldane kosa medlemane frå Sjernarøy saman med andre 4H’arar i fellesområdet «miljøtorget». Her var det alltid god stemning. Magnus beskriv det som «ei stor gruppe med godt samhald».

4H-landsleir blir arrangert annakvart år og går på rundgang mellom dei ulike 4H-fylka. Landsleiren er vårt største arrangement, saman med nordisk 4H-leir. 4H Norge er ein stor og aktiv organisasjon med over 10 000 medlemmar fordelt på nærare 500 4H-klubbar over heile landet.