Gratis ferjer i finnøysambandet etter sommaren
I eit ekstraordinært møte i fylkessamferdselsutvalget i august skal politikarane vedta at ferjene i finnøysambandet blir gratis.
- Oddbjørg Måland
FINNØY: Frå 1. juli i år blei det gratis å reisa med ferje på strekningane Haugesund - Utsira og Ombo - Hjelmeland.
Fleirtalspartia på Stortinget ga før jul i fjor signal om gratis ferje i alle samband med mindre enn 100 000 passasjerar årleg. Finnøysambandet var eitt av dei kvalifiserte sambanda, og folk på øyane hadde byrja gleda seg til gratis ferje.
Så gjorde politikarane heilomvending i vår, og sa at det ikkje blir gratis ferje likevel. Då hadde Daniel Nedrebø frå Helgøysund allereie rekt å servera kake på ferja.
Innvikla betalingssystem
Kommunikasjonstalsmann i grendalaget på Fogn, Arnstein Bø, har i ein mail til fylkespolitikarane spurt kva som er årsaka til at finnøysambandet ikkje blei gratis, slik dei lova.
Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg forklarer at årsaka til at Utsira fekk gratis ferje frå 1. juli er at sambandet trafikkerer ei enkelt øy og blir drive av eit selskap som er kommunalt, med eit enkelt billettsystem.
Finnøy-sambandet har eit meir komplisert billettsystem der dei reisende må betala i billettluka.
- Me måtte sjå nærmare på saka og få full oversikt før vedtaket. Det er viktig for fylket at selskapet som driv ferjene blir rett kompansert, så det ikkje blir ein diskusjon i etterkant. Arbeidet med å avklara dette er igangsett og det vil bli innført gratis ferjer over sommaren. Kva dato dette blir er avhengig av kor fort me får fatta vedtaket. Fylket har på ingen måte skrota gratis ferjer i Finnøy-sambandet, understreker Arne Bergsvåg. Dette skriv Aftenbladet.
Også stortingsrepresentant Lise Marie Ness Klungland (Sp), seier til Øyposten at det blir gratis ferje i finnøysambandet.
– Det kjem så fort vedtaket er fatta i det ekstraordinære møte i samferdselsutvalet neste månad.
Regjeringen har sett av 39 millioner kroner til formålet i revidert nasjonalbudsjett.