Fogn idrettslag: 50 år med frivillig innsats

Idrettslaget har lagt bak seg 50 samanhengande år med idrett og mosjon, aktivitet, kulturarbeid og ikkje minst eit unikt fellesskap på tvers av generasjonar.

Ole Jakob Kjølvik fortel at Idrettslaget på Fogn skal ha mykje av æra for hans interesse for fysiske utfordringar.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

Aktivt idrettslag

Idrettslaget har vore ein viktig bidragsytar til år gjera Fogn til den staden øya har blitt. Gjennom tilrettelegging av ulike fysiske aktivitetar er det mange som kan takka Idrettslaget for si interesse for fysisk aktivitet og friluftsliv. Blant anna kveldens hovudattraksjon Ole Jako Kjølvik, som fortalde frå turane sine til nokre av verdas høgste fjelltoppar, deriblant Mount Everest.

– Det begynte med at mor og far tok meg med på Ørnakulå, det var der grunnlaget blei lagt, smiler Kjølvik.

Det gjekk unna på desserten; is med peanøtter, Nonstop og karamellsaus. F.v: Ada, Isadora og Lycke.

Leiar i idrettslaget Jakob Bø er godt nøgd med 50 -års markeringa.

– At så mange kjem hit i kveld for å vera med å feira vel eg å tru er eit teikn på at idrettslaget er viktig for folk på øya. Framover skal me fortsetta å vera eit aktiv idrettslag med ulike aktivitetar for alle aldresklassar. At 50 -års feiringa og opninga av dagsturhytta skjer på ein og same dag er heilt spesielt. I så måte er dette ein historisk dag på Fogn. Med dagsturhytta på plass er det endå ein grunn for turistane å legga turen til Fogn, fortel Jakob Bø.

Gode historiar

Rundt 200 personar var med på feiringa. Gamle fotballheltar mimra frå den tidlege fasen i idrettslege si historie og fortalde slåser og gode historier som blant anna då Fogn spela heimekampana sine på Finnøy.

Verdens beste keeper i sin vektklasse, Trond Egil Sivertsen med varemerket sitt - hummateina.

– Eg hugsa me kom til Leikvoll og skulle spela kamp men graset var så høgt at bonden måtte fôrhausta banen fyrst, minnast Malvin Sandanger, som har scora flest mål for A-laget gjennom alle åra.

Til stor begeistring fekk gjestene sjå og høyra om Lars Selvåg sin «profesjonelle» fotballkarriere, fyrst på Finnøy og deretter på Fogn.

Gymsalen på Oppvekstsenteret var fullt til siste stol.

Håvard Østhus og Stig Sivertsen hadde laga qiuz delt inn i 10 års epokar og som omfatta spørsmål om lokalfotballen og andre aktuelle hendingar i dei respektive tidsepisodane.

Kjendishelsingar

F.v Kirsti Esperås, Bjørn Eriksen, Joar Sandanger og Kjersti Sandanger

Konkurransen blei avslutta med ein såkalla «90-graders». Tre tidlegare og noverande fotballspelarar konkurrerte. Dei som har sett Mesternes mester veit at oppgåva er å stå inntil ein vegg med knea i 90 graders vinkel lengst mogleg. Og som dei fleste tippa var det Jørgen Bø jr. som slo ut konkurrentane og klameratane Sigve Bø og Stig Siverten.

Dette er ikkje for pyser. F.v.: Sigve Bø, Stig Sivetsen og Jørgen Bø jr. som stakk av med sigeren.

Elles fekk Idrettslaget videohelsingar frå blant anna tidlegare fotballproff og landslagskaptein Brede Hangeland, Noregs Fotballforbund og sportsjournalistar i Aftenbaldet.

Grieg Seafood donerte gratis redningsvestar til alle born og unge på festen.

Publisert: