Vil styrka rekrutteringa til lokalavisene

Landslaget for lokalaviser (LLA) vil at medlemsbedriftene skal jobba meir treffsikkert med rekruttering. Formålet er å styrka tilfanget av kvalifiserte kandidatar til lokalavisene.

Publisert: Publisert:
LLA kartlegg jobbsøkarar til lokalavisene.

– Dei siste åra har det vore stadig meir krevjande å finna rett kompetanse til lokalavisene. No vil LLA vita kva kandidatane er opptekne av, slik at medlemsbedriftene kan jobbe meir målretta med rekruttering.

Det skriv LLA i ei pressemelding.

– Dette er ei utfordring heile bransjen er oppteken av, men som spesielt råkar lokalavisene, seier Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser.

Han seier det er uforståeleg at ikkje fleire søker seg til lokalavisene.

– Lokalavisene er berebjelken i demokratiet vårt, demokratiet startar i lokalsamfunnet. Oppdraget til lokalavisene er å spele ei konstruktiv rolle i lokalmiljøet. Lokalavisa skal gjere det betre å bu, leve og arbeide i lokalmiljøet, seier Bruvik.

FRAM Rekruttering og rådgiving er engasjert for å hjelpa til i dette arbeidet. Lokalavisene må tenka langsiktig rundt rekruttering,

– Rekrutteringsutfordringane i lokalavisene er ikkje unike, og vil ikkje gå over av seg sjølv. Dette er knytt til store samfunnstrendar som låg arbeidsløyse, flytting frå bygdene og kamp om dei beste hovuda på tvers av bransjar. Lokalavisene bør derfor legga ein strategi for å sikra rekrutteringa i mange år framover, seier Bård Idås, dagleg leiar i FRAM Rekruttering og rådgiving.