STAVANGER: Det opplyste administrerande direktør Håvard Tamburstuen i Lnett, då han denne veka orientere topp-politikarane i Stavanger om utbyggingsplanane til Lnett.

Men Tamburstuen understreka at det er NVE som har siste ord i saka.

-Me er bare ein reidskap, sa Lnett-direktøren.

Betydelege meirkostnad

Han opplyste også at det er betydeleg dyrare å gå for jordkabel kontra nett, ei rekning som til sjuande og sist vil koma på nettleia til straumkundane.

-Det er det viktig å vera klar over, understreka han.

Meirkostnaden for jordkabel kontra luftspenn er 10.000 kroner per meter, sjølv om kabelen blir lagt i sykkel- og gangvegen, ifølge Taburstuen.

Før han avslutta opplyste ordførar Kari Nessa Nordtun at Lnett vil få oversendt dei nesten 1200 underskriftene i øyane mot luftspenn.

-Send dei til NVE også, anbefalte Håvard Tamburstuen, noko ordføraren lova å gjera.

I beste fall ferdig i 2028

Tidsplanen for utbygging av straumnettet på øyane er nå slik at det nye nettet i beste fall vil koma i drift i 2028, opplyste Lnett-direktøren vidare. Det betyr at bygging av den nye kraftforbindelsen kanskje kan koma i gang i 2025, samtidig med at byggearbeidet på ny trafostasjon på Finnøy kan begynna.

Tamburstuen fekk mange spørsmål frå politikarane, mellom anna om dei samfunnsmessige kostnadane med å byggja luftspenn over øy-naturen og bandlegging av landbruksjord.

Administrerande direktør i Lnett, Håvard Tamburstuen. Foto: Lnett

Stortinget vil ha luftspenn

Til det svarar han at det blir teke med i vurderinga, men igjen understreka han at det er NVE som avgjer saka. Han viste også til at Stortinget har uttalt at luftspenn skal leggjast til grunn når kraftforbindelsar av denne typen skal byggjast ut.

-Lnett tar ikkje stilling til kva type kraftforbindelse som skal byggjast ut, det er det NVE som avgjer. Me byggjer det me får konsesjon til, understreka Tamburstuen.

Henrik Halleland hadde kjapt rekna ut at meirkostnaden med å leggja kraftforbindelsen i gang- og sykkelvegen på Finnøy ville vera 30 millionar kroner.

Det vil det vera verd, meinte han.

23.000 for varmepumpe, 60.000 for solceller

Tamburstuen fekk også fleire spørsmål knytta til solenergi og varmepumper, og anbefalte sterkt folk å satsa på varmepumpe i staden for solceller.

-Det er god økonomi i ei varmepumpe. Den kostar 23.000 kroner ferdig montert, mens solceller kostar rundt 60.000. Viss folk satsar på solceller bør dei uansett ikkje byggja for meir enn til eige forbruk, elles får me ei utfordring med straumnettet, sa Håvard Tamburstuen.