Minnes den engelske dronninga med glede

Dronning Elizabeth var «eit fint menneske», syns Benny Helgeland, som måndag kjem til å tenna to svarte lys under gravferda, og fylgja seremonien heime på Helgøy i Sjernarøyane.

Benny Helgeland med biletet av dronning-besøket i Stavanger for 41 år sidan.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: Benny Helgeland fekk gleda av å sjå den engelske dronninga då ho var på besøk i Stavanger 8. mai 1981.

-Den gong jobba eg på EPA-kafeen i sentrum, seier Benny Helgeland til Øyposten.

-Eg visste ho skulle på middag saman med kong Olav på Hotel Atlantic. Det var laks på menyen, opplyser Benny.

Fekk glimt av dronninga

Medaljongen av sølv med relieff av dronning Elizabeth II.

Kor som enn var, skunda ho seg å byta for om mulig å få eit glimt av dronninga. Skipet til det engelske kongehuset, «Queen Elizabeth» låg ved Strandkaien, og etter litt om og men kom ho seg opp slik at ho fekk utsikt over kaien.

Det var tjukt av folk, men på eit av bileta ho tok går dronninga og prins Philip ombord i skipet saman med kong Olav.

Heime i kongerommet sitt på Helgøy har ho sjølvsagt bevart fotominnet frå den gong, pluss at ho har eit innrama bilete av dronning Elizabeth frå besøket i Stavanger.

-Elizabeth var eit svært fint menneske, slår Benny Helgeland fast.

Ho har også ein sølvforgylt medaljong med bilete av den engelske dronninga, og har vore utanfor Buckingham Palace i London. Men utan at ho den gongen såg noko til henne. Då dronninga i sommar feira 70 år på trona, sende ho helsing og fekk eit fint bilete tilbake.

Benny Helgeland kjem til å tenna to svarte lys under gravferda for dronning Elizabeth måndag.

Charles III kjem til å klara brasene

Under gravferda hennar måndag vil ho ikkje bli forstyrra. Då kjem ho til å fylgja med på heile seremonien, og skrur av mobiltelefonen for å vera i freda. To svarte lys i stova står klar til å bli tende.

-Korleis trur du den nye kongen, kong Charles III kjem til å klara seg?

-Det er voldsomt mange land han skal styra over. Han har mykje å læra, men det ser ut til at han tek oppgåva på alvor. Det var lenge eit ramaskrik rundt han og Camilla, men eg trur det kjem til å gå bra, seier Benny Helgeland.