Laurdag ettermiddag var det rimeleg fullt på parkeringsplassane både utanfor Utstein Kloster hotell, på Fjøløy og ved sjølve Utstein kloster. Parkeringsvakter stod med gul vest og walkie talkie og dirigerte bilane hit og dit. Etter som Øyposten får høyre i 13.30-tida er det god balanse mellom bilar som dreg og bilar som kjem, så alle får plass, men det kan vere lurt å rekne inn halvannan kilometer gåtur. Om det er ledig rett utanfor klosteret, er eit lotterispel.

Både laurdag og søndag denne siste helga i november er det stor julemarknad på Utstein med vekt på lokalprodusert mat frå Ryfylke og Stavanger-området. Kring 20 utstillarar byr fram tørka sauekjøt, honning, eplemost, bakevarer, ostar, sopp og meir til.

Marit Vignes (t.v.) frå Finnøy har med seg Anne Rørtveit for å selje gongkaker og tomatsyltetøy. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Ideen er å samle kvalitetsprodusentar frå regionen, seier Inger Lise Rettedal.

Ho og mannen Anders Schanche Rettedal driv Utstein gard og er primus motorar for marknaden.

– Me har arrangert dette sidan 2019. Til saman på to dagar brukar me å ha mellom 2000 og 4000 menneske innom. Nøkkelen til suksess er vel kvaliteten på utstillarane og det historiske miljøet her ute, seier Inger Lise.

Sven Hodnefjell med lamper han har laga sjølv. Foto: Sigbjørn Høidalen

Helgas yngste utstillar er Sven Hodnefjell (9). Han stiller med lamper han opphavleg laga som 4H-oppgåve i Utstein 4H.

– Det spesielle med desse lampene er gjenbruk. Eg har seld to lamper så langt i dag, fortel Sven.

Han brukar rekved han finn i fjøra og materiale frå diverse gjenbruksbutikkar.

Ivar Hodnefjell blandar fakta og fiksjon under forteljarstunda i teltet. Foto: Sigbjørn Høidalen

Mastra sjøspeidergruppe har rigga opp ein karusell, og i eit telt ved sidan av er det sitteplassar kring eit bål og underhaldning. Ivar Hodnefjell fortel eventyr der han blandar inn lokal historie.

– Før i tida bruka dei hestar som arbeidskraft på gardane. Midt på sommaren hadde ikkje hestane så mykje å gjere, og då blei dei sendt opp på Mastravarden på beite. Der var det berre lyng og mose og einer, og då blei ikkje hestane for feite, fortel Ivar.

Så fortel han om den fjerde bukkane Bruse som skal over den gamle Gjallarbrua mellom Klosterøy og Mosterøy. Under brua er det eit troll, og me er over i fiksjonen.

Folk såg ut til å kose seg i godværet. Her var det mulig å gjere ein god julehandel, og i tillegg blei det delt ut rikeleg med smaksprøver frå dei ulike buene.

Venninne Iselin Sømme Haglund (t.v.) frå Sola og Hege Håvarstein Bjordal frå Mosterøy. Foto: Sigbjørn Høidalen

– Me er her for å kome i julestemning. Eit veldig bra arrangement dette, seier Hege Håvarstein Bjordal.

Ho trillar på dottera Kaya og er i hop med venninne Iselin Sømme Haglund frå Sola. Iselin har handla honningdrops, kjem det fram.

Her er fleire bilder frå julemarknaden laurdag. Søndag er det nye muligheiter:

Karusellen til Mastra sjøspeidergruppe er populær. Den er bygd kring ei landfast mast. Foto: Sigbjørn Høidalen
Ryfylkekokken Frode Selvaag held fram søt julebakst kjent som jødekaker. Foto: Sigbjørn Høidalen
Frå buene oppe ved sjølve klosteret. Foto: Sigbjørn Høidalen