For 70 år sidan begynte dei i 1. klasse på Reilstad skule

Hausten 1952 begynte dei på Reilstad skule på Finnøy, og nyleg hadde dei 70-års jubileum.

Frå venstre: Anna Meland (før Ladstein), Johs. Reilstad, Astrid Johansen (før Kindingstad), Kåre Severson og Berit Sevheim (før Nærland). Sverre Jan Reilstad og Svein Nærland kunne ikkje møta, og John Vestbø er død.
Publisert:

FINNØY: 20. august var det samling hos Kåre Severson på Reilstad i anledning jubileet.

-Det var veldig kjekt. Me kosa oss med mat, prata og bladde i gamle minnebøker, seier Johannes Reilstad til Øyposten.

Kullet begynte på den gamle skulen på Reilstad, og det var første gongen klassen var samla etter at dei gjekk ut av skulen.

-Kva hugsar du frå første skuledagen?

-Ikkje så mykje, men lærarinna vår var Kristbjørg Jepsen, seier Reilstad.

Etter nokre år på den gamle skulen på Reilstad, flytta dei over til nyskulen i bygda. Der var også framhaldskulen. Frå 3.-7- klasse var det Magnus Vestersjø som var læraren deira.