Dragos opnar barbersalong

Frå første september kan menn på Finnøy endeleg få håret klippa og skjegget trimma på ein salong som berre er for mannfolka.

Dragos Rugea opnar barbersalong på Finnøy.
Publisert:

Dragos Rugea står bak den nye salongen som heiter Lion the Barber. Den ligg i same bygg som Kiwi på Judaberg. Rugea har lova gratis klipp og barbering til dei første kundane som bookar time første september. Han held opent frå klokka 9 den dagen.

Øyposten fekk kome på besøk i salongen hans for å høyre om planane hans.

– Namnet valte eg fordi eg likar løver veldig godt, seier Dragos. Løvetema pregar heile salongen med bilete og logo på veggane.

Også vindauga har blitt dekorert med logoen.

Gjennomtenkte val

Han har gjort seg flid med å få lokalet til å sjå fint og profesjonelt ut, og forklarer korleis han har tenkt gjennom alt frå val av barbermaskinar til planar for hygiene.

– Eg begynte med barbering og hårklipp som ein veneteneste til vener som synst at eg var flink til dette. Fleire og fleire kom til meg og ville ha hjelp til dette, og slik kom eg på at eg kunne gjere dette til eit levebrød. Eg har gått i lære hos ein rumenar i Stavanger, og trivst godt med denne typen arbeidd.

Gode tilbod

Han fortel at han har tenkt å halde opent om formiddagen nokon dagar i veka, og på kveldstid dei andre vekedagane. Då tilbyr han både avtalte timar og drop-in-timar. Kvar andre laurdag vil han halde opent for dei som bookar time.

– Kvar femte behandling vil vere gratis, seier Rugeas og viser rabattkorta som han vil dele ut.

– I tillegg vil alle pensjonistar få halv pris på alle behandlingar. Dei må berre hugse å seie ifrå om at dei er pensjonistar, for eg kjem ikkje til å spørje.

Han vil tilby alt frå god, gammaldags luksusbarbering med barberkniv, massasje og varme håndklær til rask klipp med maskin. Her kan du få akkurat det du ønskjer deg.

Publisert: