Benny Helgeland har vore med i sanitetsforeininga i mange år, og held fram som leiar. Foto: Arkiv

Den 26. mars ventar dei storinnrykk av både fastbuande, båtturistar og hyttefolk på den årlege hendinga.

– Det pleier å kome mykje folk, seier Benny Helgeland som er leiar av Sanitetsforeininga. Ho fortel at dei er godt i gang med planlegginga.

Sjernarøy Sanitetsforeining blei danna i 1921, og er dermed over hundre år gammalt. Det begynte som Bjergøy og Hidle Helselag, for den gongen var det berre medlemmar derfrå. I dag har dei medlemmar frå heile Sjernarøy, og fleire faste arrangement i året.

Eit av dei faste arrangementa er påskebasaren som kvart år finn stad tysdag i påskeveka på eldresenteret. Inntektene frå basaren dekker straum og forsikring for lokalet på Aubø.