Ferja "Hidle" er på veg til Stavanger.

FINNØY-ITALIA:

Ferjene "Hidle" og "Ombo" skulle vore sett inn i finnøysambandet i sommar, men bygginga er blitt forsinka på grunn av korona'en.,

Men nå er den første av dei to , MF "Hidle" på veg nordover. Ifølge kaptein Helge Lunden frå Finnøy, som har overvaka bygginga i Tyrkia og også står bak rattet på turen nordover, har turen hittil gått fint.

-Det er bra vær, men fryktelig varmt. Over 40 grader, seier Lunden til Øyposten.

Ferja skal gå gjennom Gibraltar, over Biscaya-bukta gjennom den engelske kanal og over Nordsjøen til Stavanger. Det er dobbelt mannskap på turen, og Lunden har selskap av ein nederlandsk skipper på reisa.

-Me reknar med å vera framme rundt den 14.-15. (august red anm.), men det kjem an på vêret og korleis bunkringa går. Akkurat nå ser meldingane når det gjeld vêret bra ut, seier Helge Lunden.

-Kan folk i øyane gleda seg til den nye ferja?

-Ja, det trur eg. Den har mykje betre plass på bildekket og betre sitjeplass, fastslår han.

Den nye ferja vil ha plass til 60 bilar, mot 46 på dagens ferjer. Når den kan setjast i trafikk er Lunden usikker på. Mellom anna må mannskapet få opplæring først, og kaiane må prøvast ut.

Også søsterferja "Ombo" er snart klar til å hentast heim frå verftet i Tyrkia, og Lunden reknar med at det blir hans oppgåve å føra også denne heim, truleg i september.