Edd Meby

Dei yngste fotballspelarane til Finnøy IL reiser til vanleg ut av kommunen for å spela turnering, men no skal dei endeleg få fordelen av heimebane. Det skjer når Finnøy Idrettslag og Øyposten 24. samarbeidar om å lage turneringa «Øypostens Fotballdag», som blir eit tilbod til dei frå 6-9 år.

-          Det er kjekt å kunne laga noko ekstra for dei yngste, og me synest det er flott at Øyposten tok initiativet til denne turneringa, seier leiar i fotballgruppa i Finnøy IL, Erik Flesjå-Johansen.

Påmeldinga er allereie i gang. Finnøy stillar med seks-sju lag, mest 7-åringer, men også naboklubbane vil vera med. Rennesøy og Mastra er i gong med intern påmelding og reknar med å stilla i alle klasser.

- Sidan vi spelar fotball med lag på tre og fem spelarar, håpar vi at øyane i Finnøy kan stilla med eigne lag, seier Flesjå-Johansen.