Finnøy sitt A-lag klar til kamp mot Tjensvoll

FINNØY/RENNESØY: På Randaberg vann naboen Mastra heile 5-0 over rivalen på andre sida av Byfjorden, medan Finnøy også tok med seg tre poeng heim etter ha slått Tjensvoll fortent 3-1. Dermed står Mastra med full pott og seks poeng etter to seriekampar, medan Finnøy så langt har tre poeng etter å laget mista alle poenga då Brodd IL trekte sitt 2-ar lag frå vidare eriespel av dispilnære grunnar. Det etter den mykje omtala kampen heime på Leikvoll for 14 dagar sidan. Ein kamp der også Finnøy vann 3-1.,-

Kunne vunne meir

- Me var i utgangspunktet veldig spent før kampen, og rekna med at dette ville bli ein veldig tøff bortekamp, oppsummerer finnøytrenar Erik Torger Flesjå-Johansen.-Men me kunne og burde faktisk ha leia både med to og tre mål etter den første halvtimen som me dominerte fullstendig, held Flesjå-Johansen fram. -For berre i løpet av dei 20 første minutta hadde Torjus Halsne heile tre avslutningar som traff metallet. Men laget stod på og ga seg ikkje, og det var difor meir enn fortent då omgangens store spelar,Torjus Halsne, igjen var på veg gjennom heimelaget sitt forsvar og sendte ein flott stikkar til Jarle Sigbjørn R. Eike, som roleg og kontrollert sette ballen i mål. Dermed 1-0 til Finnøy til pause.

2. omgangen blei noko meir jamspela, men det kom likevel som ein kalddusj då heimelaget utlikna til 1-1 på straffe i det 58. min. Men Finnøy slo raskt tilbake då laget berre minuttet  etter også fekk tildelt straffe. Eit strfafespark som kaptein Anders Eike sette i mål.

I det 84. min fastsette så igjen sambygdingen frå Halsnøy,Torjus Halsne, sluttresultatet til 3-1.

-Brei og solid spelarstall

-Eg har aldri i mi tid som trenar hat ein så brei og god splarstall som i år, konstaterer ein tilfreds trenar, Erik Torger Flesjå-Johansen.- Kampen om plassane på laget er tøff, men me prioriterer solid innsats og regelmessig oppmøte til treningane når me tek ut laget til kamp. Til heimekampen mot Paradis torsdag kveld har eg heile 24 spelrar til disposisjon, men me kan ikkje ha fleire enn 18 i kamptroppen, Då seier det seg sjølv at nokon vil bli skuffa, Me har brukt mykje tid til spelarsamatalar og dei fleste forstår situasjonen.Men når me har opp mot 40 spelarar på papiret som har vore innom treningane, ja då seier det seg sjølv at me snart burde hatt to lag med i seriesystemte, avsluttar trenar Flesjå-Johansen.