Sørbø kyrkje.

RENNESØY:

I løpet av den same perioden blei kyrkja hardhendt restaurert, men dette arbeidet blei delvis restaurert tilbake igjen til den originale stilarten på 1960-talet.,

Omfattande renovering

Sørbø kyrkje har store problem med saltforvitring innvendig, og avskalling av puss utvendig. Skiftertaket som er 110 år gamalt, er klart for utskifting. Gjennom dei siste 20 åra er det brukt store ressursar på å pussa og kalka kyrkja ut-og innvendig i tråd med offentlege anbefalingar. Dette har blitt gjort fordi kyrkja sidan 1800-talet har vore utsett for ei rekke inngrep med sement som måtte «reverserast» for at ikkje murverket over tid skulle brytas ned.

Diverre var det problem med den nye, utvendige kalkpussinga mest heilt frå starten av. I ettertid har det blitt flikka og reparert, spesielt på sørfasaden, utan at det har ført til nemneverdige forbetringar. Den tjukke pussen får framleis store avskallinger, den e så glatt i overflata at ny kalking ikkje fester seg, og det er skjemmande fargeforandringar og mykje organisk vekst på fasadane.

Grunnen til dette problemet er knyta til fuktproblem og for tette overflater.

Difor er tilstanden vurdert dit hen at utandørspussen på kyrkja bør skiftast ut Denne posten ligg inne i budsjettforslaget på 4.8 millionar kroner, som er meir enn halvparten av kommunen sitt kostnadsoverslag for istandsetting på totalt 7.9 millionar kroner.

Arbeidet er oppgraderinga er omfattande og planlagat utført gjennom fem år.

Ein annan stor utgiftspost er omlegging av skifertak, det vil sei full omtekking av alle tak, inkludert skifer frå same brudd, nye renner og nedløp; 1,2 millionar kroner.

I tillegg trengs det omfattande murarbeid på koret utandørs er anslått til 820 000 kroner.

Glassmaleri- og vindusrestaurering: 400 000 kroner

Istandsetting av begge ytterdører: Omfattande tiltak for døra i sørportalen, men mindre tiltak

for døra i vestportalen; 120 000 kroner.

Diverse arbeid med kleberstein; 100 000 kroner.

Elles er det sett av 1,350 millionar til øvreg arbeid.