Kulturlandskap på Nord-Hidle. KULA er forkortelse for Kulturlandskap med nasjonal interesse. Heile Sjernarøyane inngår i registeret. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY-RENNESØY:

-Me har fått mange innspel som går på dette frå Rogaland, noko som har gjort at det har tatt tid å få oversikten ferdig, seier Cecilie Askhaven hos Riksantikvaren til Øyposten.,

Cecilie Askhaven (t.v.) saman med Kristine Ledsten frå Riksantikvaren på møtet om KULA-registeret på Randaberg.i fjor haust..

Ho legg til at ein god del av innspela frå landbrukshald  dreiar seg om frykt for nye restriksjonar eller bandlegging av områder.

Mastrafjorden

-Me har brukt ein del tid på å forklara at KULA-oversikten ikkje går på det, seier Askhaven.

Når oversikten er ferdig vil det bli laga ei pressemelding om saka, noko Askhaven reknar som sikkert at vil skje i løpet av hausten.

Cecilie Askhaven (t.v.) saman med Kristine Ledsten frå Riksantikvaren på møtet om KULA-registeret på Randaberg.i fjor haust..

Når det gjeld kva landskap som skal me, seier Askhaven at dei vil sjå nærare på innspela frå Stavanger kommune som gjeld mellom anna avgrensinga til Hafrsfjord og landskapet ved Mastrafjorden.

Sjernarøyane er med

-Kva med Sjernarøyane?

-Sjølv om kommunedelsutvalet i Finnøy uttrykte skepsis mot KULA-oversikten, så fekk me ikkje innvendingar frå Stavanger kommune som gjekk på dette området. Sjernarøyane er derfor med, og eg trur også det er brei enighet om at Sjernarøyane har eit landskap av stor nasjonal interesse, seier Cecilie Askhaven.

https://www.oyposten.no/2020/10/22/stor-skepsis-til-nytt-landskaps-register/