Oppdrettsanlegg utanfor Rennesøy.|

Det er samfunnskontakt i Grieg Seafood AS, Rogaland, Liv Marit Aarseth og dagleg leiar på slakteriet,Lars Martin Hetland, som opplyser dette til Øyposten.,Sjøl om lakseprisen har gått noko ned i forhold til same tidsrom som i fjor, og i veke 14 er på vel 60 kroner, er det uklart om dette har noko med den pågåande koronapandemien å gjera.,-Vår eksport av laks går i all hovudsak til den europeiske marknaden, sjølv om Asia og spesielt Kina dei siste åra også har opna opp for import av norsk oppdrettslaks igjen. Me produserer jo mat, og mat må me jo alle ha. Så slik sett så ser me på oss sjølv som ei svært viktig næring. Nærmast som ein førstelinjetjeneste i så måte, smiler Liv Marit.,

-Og aktiviteten på slakteriet til Grieg Seafood AS på Helgøy i Sjernarøy

går som normalt?,

-Ja, eg kjenner ikkje til at det er endringar her. Så slik sett så er vi som steller med oppdrett og produksjon av mat, heldig som har ein jobb å gå til i desse dagar, avsluttar Aarseth.

10 trailerar om dagen med fisk frå Helgøy

Dagleg leiar ved slakteriet i Helgøysund, Lars Martin Hetland, bekreftar Aarseth sine utsagn.

-Ja, her går det som før. Og faktisk har styresmaktene også oppfordra oss til halda hjula i gong for å vera med på å oppretthalda sjølve logistikken innan transportsektoren. For når det går trailerar med fisk nedover i Europa, så er dei viktige med omsyn til returlast tilbake. Ikkje minst gjeld det import av både matvarer, og i desse dagar også smittevernutstyr som begge er viktige førstelinjetjenester i tider som dette.

-Er det faktisk slik å forstå at aktiviteten på slakteriet på Helgøy er minst like stor som tidlegare?,-

Ja, minst det. For her har eg heile 48 arbeidsfolk på lønningslista. Og kvar dag rullar det 10 trailerlass med oppdrettslaks ut av slakteriet her med kurs for Europa. Det seier vel meir enn nok kva betydning dette har både i unntakstider som dette, og elles under meir normale forhold, avsluttar Hetland.