Det har budd rikfolk på Halsnøy i gamle dagar.

Fyrst på 1500-talet rådde bygdehovdingen Torbjørn Halsne på Halsne. Han åtte truleg det meste av Halsnøy og må ha vore adeleg og i slekt med stormennene på Byre, Randa, Hesby, Dale og Gard.,

Med ei landskyld på ni laup smør blei Halsne kring 1600 rekna som den gildaste garden i Hesby og Sæbø skipreide. Og  garden var også mellom dei beste  både med omsyn til åkerproduksjon og husdyrhald. Særleg åkrane var framifrå grøderike: For kvart kilo dei sådde, fekk dei att mest ni kilo! Gjennomsnittet for resten av Finnøy prestegjeld medrekna Fister-øyane var snautt sju fold medan det på Jæren låg mykje på fem fold. På Austlandet var det vanleg med to til tri fold!

Det strategiske Halsne

Halsne ligg høgt og strategisk til med utsikt over store delar av Boknafjorden: Austover Garsundsfjorden heilt inn til Skifttun,  store delar av Randøy, sørover Finnøyfjorden til Talgje, Fogn, store delar av den nordlege Finnøy, Sjernarøyane, Nedstrand og mot nordvest heil til Bokn og søre delen av Tysvær.

Halsne var såleis ein høveleg gard for kaksen og bygdehovdingen Torbjørn Halsne. Heile formua hans  svara til 110 kilo sylv. Når det gald rikdom gjekk han Engebret på Byre ein høg gong. Ikkje berre var han den desidert rikaste i Søbø og Finnøy skipreide, han var mellom dei aller rikast bøndene på heile Sørvestlandet.

Torbjørn gjer opprør

I 1518 var det skatteting for Sæbø skipreide. Kong Kristian II streva med å halda Sverige i unionen, men svenskane sette seg i mot. Resultatet var ein dyr krig, og for å skaffa kapital skreiv kongen ut ein skatt på to mark frå kvar bonde. Dette mislika Torbjørn Halsne – og dei andre ryfylkebøndene – sterkt. Dei meinte skatten var ulovleg og viste til at kongen to år tidlegare også hadde kravd inn ein ulovleg. Som leiar for bøndene Sæbø skipreide talte han futen midt i mot. Som nestkommanderande fekk han med seg sjernarøybuane Åsmund Norheim, Lauritz Hauge og Olav Eik.

Med unnatak av riddar Engebret Sevatsson på Byre og væpnaren Morten Gard på Talgje slutta så og seia alle bøndene i skipreide opp om opprøret. Også i Finnøy skipreide fekk Torbjørn – godt hjelpt av Sjur Få og Halvard Kingestad - folk om å stå samla mot denne utidige skatten. Som i resten av fylket og i store delar av Vestlandet nekta bøndene i Sæbø og Hesby skipreide å betala denne  tomarksskatten. Til sist laut futen gje seg og segla frå med uforretta sak.

Futen kjem med våpenmakt

Men han let ikkje øybuane døy i synda, året etter, i 1519, kom futen att med våpenmakt og han drog frå gard til gard og dreiv inn ein tung straffeskatt. Kvar fekk betala etter kor aktive dei hadde vore. Og hadde dei ikkje pengar, braut mennene til futen seg inn og drog kyr or båsen, gryter or grua, jern or smia og arvesylv og fint, nederlandsk tøy or kista. Då futen kom til Torbjørn, skulle han straffast ekstra hardt, mest like mykje som alle bøndene på Fogn til saman. Heile 70 mark, som verdien av 18 kyr, laut han ut med. Men han betala kontant med pengar. Det hadde han råd til!