Finnøy kommune kan få følge av andre i den nye storkommunen.

I det umidelbare nærområdet i Ryfylke er Strand, men også Randaberg, dei kommunane som først kan gå med i dragsuget til Stavanger.  Hjelmeland kan klara seg lenger, godt hjelpt av kraftinntekter og oppdrettsmillionar.,

Strand og Randaberg må begge rekna med å bli ramma økonomisk av korona-utbrotet. Sviktande skatteinntekter kombinert med veksande utgifter høyres ut som ein dødeleg cocktail for einkvar rådmann og ordførar.

Det store spørsmålet er kor djup bølgedalen blir for oljeindustrien. Begge kommunane har mange som hentar inntekta si frå denne næringa. Men også ein svikt i tilhøyrande næringar, til dømes bygg og anlegg, vil merkast godt i kommunekassen begge stader.

Dermed vil det heile koka ned til i kva grad dei klarer å oppretthalda tenestetilbodet til innbyggjarane sine. Det er nok fleire kommunar som kan koma i same situasjon, men i dette området er det vår konklusjon at det er desse to som ligg svakast an til å takla dei nye utfordingane.

Stortinget vil nok kunna dempa dei økonomiske skadeverknadane av korona-utbrotet, men det er ein illusjon å tru at alt kan halda fram som før. Nokon vil blø, og små kommunar kan bli mellom dei.

Det framstår meir og meir som om «lykken har stått den kjekke bi», som det heiter, når det gjeld Finnøy og Rennesøy. Dei banka frivillig på kommunedøra til Stavanger, og blei slupne inn med både fagnad og stor velvilje mens byen strutta av velstand og sjølvtillit.

Nå kan det liggja an til ein ny runde om kommunegrenser i skuggen av ei økonomisk gråbeinstid for småkommunane.  Det kan bli ein langt meir krevjande prosess enn Finnøy og Rennesøy opplevde. I så måte er det verd å merkja seg hjartesukket frå Stavanger Aps Arnt Heikki Steinbakk nyleg om at det er ei gjeldstynga brur Stavanger gifta seg med, då Rennesøy blei med i den nye kommunen.

Om den nye økonomiske kvardagen også vil gi støyten til fusjonar og oppkjøp på næringslivsfronten, vil bare framtida visa. Det er ikkje urimeleg å tru at det vil skje. I såfall kan drivkrafta mot større kommunar bli endå sterkare, og den moderniseringa av Norge, som nokon har snakka om, kan koma raskarae enn mange hadde tenkt.