|

Nyleg kunne endeleg fleire titals mjølkekyr og ammekyr ta steget frå det gamle fjøset, vegg i vegg, og inn i det nye storfjøset til 23 år gamle Audun Vestbø Reilstad på vestsida av Finnøy. I «daglegstova», og med vakker utsikt utover ein spegelblank Boknfjord lengst mot vest på Brekke og Vestbø, sit den unge bonden og studerer dataskjermen. Den viser  mjølkekurvene og celletala frå kyrne som er mjølka dei siste timane. For no er røyrmjølking og tunge løft to gonger til dagen bytta ut med robotmjølking og fôring meir eller mindre døgeret rundt.,

Då kan Audun setja seg ned framfor dataskjermen for å fylgja med på kor mykje kvar enkelt ku har mjølka på kvar einaste spene, og i tillegg korleis mjølkekvaliteten i form av kor høgt celletal kvar enkelt ku har.

- Det er dette som er med på å gjera dette så veldig interessant og som gjer at eg i det heile tok det viktige valet om å satsa og bli bonde, fortel Audun.

 Innovativ, men nøktern

Og det er ein kunnskapsrik og innovativ ung bonde me møter. Sjølv om nye maskinar og automatisering gjer sitt til at mykje av det daglege arbeidet no blir mykje lettare enn i gamlefjøset, er Audun veldig tydeleg på at arbeidet av den grunn ikkje gjer seg sjølv.

-Nei, her må me fylgja med å sjå til at alle dyra er både friske, har det fint og at dei får det maten dei treng til ei kvar tid. I tillegg er det veldig viktig å avla fram dyr som gir den best betalte mjølka og som er rik på protein og fett. Difor har eg faktisk valt, litt utradisjonelt kanskje, å satsa på kyr av rasen «Jersey». Dei er langt mindre og krev mindre vedlikehaldsfôr enn eksempelvis den høgtytande kurasen Hollstein, men så gir dei til gjengjeld ei mjølk som er svært rik på protein og som har høgt feittinnhald. Det gjer sitt til at eg trur  denne kua kan vera mest like lønsam å satsa på som ei tradisjonell NRF-ku, eller ei ku av rasen Hollstein. Og i tillegg har ho eit heilt unikt lynne, påpeikar Audun i det han legg handa på ei av Jersey-kyrne og stryk henne varleg over ryggen.

-Og så er det jo viktig å ha nokre fine små kyr å sjå på også, smiler han, og tek oss med bort til ei snøkvit lita snelle av ei ku som forsyner seg roleg av grovfôret som er lagt ut.

-Dette er ein gamal norsk kurase som blir kalla SNT . Denne lova eg ho mor at eg skulle ta vare på også i det nye fjøset, og det har eg altså gjort, smiler Audun.

Først i Norge

I store lausdriftfjøs som dette er det også viktig at kyrne til ei kvar tid har det godt og trivest. Både i tak og på sidene er det open ventilasjon med friskluft som trengjer gjennom. Såkalla «kløbørstar» er montert opp der kyrne går inntil for å bli klødd. I liggebåsane er det lagt ut mjuke gummimatter med strø på der kua kan leggja seg ned for å kvile når ho ikkje er ute på vandring for å eta i kraftfôrautomaten eller bli mjølka.- Når våren kjem har Audun planar om å opne opp dørene slik at kyrne kan vandra nedover beitene heilt ned til sjøkanten, for deretter å koma tilbake til fjøset for å få seg litt kraftfôr å bli mjølka når dei føler behov for det.

-Men også det vil bli ei tilvenningssak, slik overgangen frå manuell til automatisk mjølking i roboten var. Men kyr er vanedyr som andre, og dei venner seg raskt til nye ting og rutinar. Så eg ser både med spenning og forventning fram til at dei skal få gå ute, legg han til.

Gjødselpresse

Audun har heile tida, både i sjølve byggeperioden og etterpå vore oppteken av å halda kostnadane nede. Difor har ein oppofrande eigeninnsats og god hjelp frå andre, særleg frå kompisane Kristian og Jonas, og ikkje minst frå dei to brørne Nils og Markus, ført til at kostnaden på nybygget blei betydeleg mindre enn det som er vanleg for slike store bygg.

Også ei heilt ny såkalla «gjødselpresse», ein av dei første i sitt slag i Norge innan mjølkeproduksjonen, gjer sitt til at driftskostnadane bli halde nede. For det å kjøpa inn strø til dyr blir  ein betydeleg kostnad over tid. Då har Audun henta inspirasjon frå Danmark og Holland og gått til innkjøp av ei presse som separerer gjødsla i ein tørr del og ein våt del. Den våte, eller flytande delen, går så tilbake til gjødselkummen der gjødsla blei sugd opp frå, medan den tørre blir skilt ut og brukt som tørt strø under dyra igjen.

-Dette har absolutt svart til forventningane, påpeika Audun, og tek opp ein full neve med tørr tørrgjødsel som han brukar til å strø under dyra. -Det sparer meg for store summar, og så får eg fram ei separat husdyrgjødsel som er langt betre å bruka til å gjødsla med. Ein av dei første

600 tonn mjølk i året

I dag disponerer Audun om lag 360 dekar jord som han kan hausta av med ein mjølkekvote på 400 tonn. Men alt til neste år håpar han å koma opp i ein produksjon på 600 000 liter mjølk. I tillegg vil han ha ammekyr og supplera med storfèkjøtproduksjon. I dag har han hjelp av ein avløysar, og ikkje minst frå mor Borghild. Sjølv går Audun ut på arbeid på dagtid.

-Etter kvart vil eg nok i større grad vera bonde på heiltid, men i denne byggefasen med store kostnader og i ei tid der eg byggjer opp besetninga, har det vore viktig å gå på arbeid for å ha noko ekstra å spe på med. Men dagane blir lange, og nettene korte, og det er eg fullstendig klar over og har sjølv valt det.

-Så når det meste no er automatisert så er det ikkje slik at du berre kan liggja på sofaen eller berre fylgje med på dataskjermen?

-Eg er nok framleis bonde i ordet sin rette tyding, men kanskje på ein annan måte som gjer arbeidet meir interessant og mindre fysisk krevjande. Og så er eg mindre tidsavhengig fordi eg ikkje akkurat treng å stå opp på søndagsmorgonen kl.07.00 for å mjølka lenger. Så no kan eg veldig greitt ligga frampå til klokka blir både ni og ti om morgonen utan at det betyr noko. Og det kan jo vera ein fordel i blant, særleg ein søndagsmorgon, smiler Audun.