Måndag kveld knuste dei Randaberg 2 heile 7-4 på Leikvoll.Torsdag kveld,derimot, måtte Finnøy-spelarane sjå at Havørn putta heile seks ballar bak Finnøy sin keeper.Ved pause stod det heile 5-0 til heimelaget.Etter ein sterk 2.omgang,klarte Halsnøy-duoen,Torjus Halsne (2) og Anders Eike, å pynte noko på resultatet, slik at kampen til slutt enda 6-3 til Havørn.Dermed har Finnøy scora heile 17 mål på dei fire siste kampane, men dei har også sluppe inn 18.Likevel er behaldninga 6 viktige poeng i botnstriden.Det ser ut til å ha sikra laget fortsatt spel i 5.divisjon til neste sesong.,

-Me hadde heile 14 forfall til kampen, og det såg veldig stygt ut til pause.Men solid innsats i 2.omgang,førte til at me pynta på resultatet, seier trenar Erik Torger Flesjå Johansen i ein kommentar.-Me er også veldig tilfreds med at så mange juniorspelarar fekk prøvd seg i denne kampen.Det var positivt, legg trenaren til .Trass i stortapet ,synest han likevel ikkje å ta nederlaget for den tradisjonsrike tanangerklubben så veldig tungt.

Neste kamp for Finnøy er heime mot Jarl.Og kjenner me denne løps-og innsatsviljuge gjengen rett,slik dei framstår på heimebane denne hausten, kan det fort gå mot eit nytt og målrikt oppgjer heime på Leikvoll.Gjerne også med ein ny heimesiger.Då med eit noko meir toppa lag enn i kveldens kamp- om trenaduoen då bestemmer seg for det.

Storsiger til Mastra mot Kvitsøy

I ein annan kamp i den same divisjonspulja, kjørte naborivalen Mastra frå Rennesøy over botnlaget Kvitsøy, og vann heile 7-1.Dermed synest også øyalaget lengst ute i Boknafjorden å vera ferdig i 5. Divisjon med sine fattige 6 poeng etter 19spelte kampar.Sjølv om det enno står att tre kampar før sluttstrek vert sett lørdag 9.november, og laget skal møte nettopp Finnøy heime i den nest siste kampen, vil det truleg ikkje vera nok til å halda plassen i 5. Divisjon.Laget frå havgapet har heller ikkje vore så høgt oppe i divisjonssystemet i Rogalands-fotballen tidlegare.Det var for øvrig solid mediadekningen over dette nabooppgjerdet på Vikevåg i kveld.Både Aftenbladet og Bygdebladet streama nemleg kampen direkten på deira nettside.