Olav Halsne, var leiar av forvaltningsstyret i Finnøy.

- Då eg fekk høyra om planane var eg så naiv at eg sa at dette er flott,  det er eit kjempetiltak, dette blir det ikkje nokon problemer med å få godkjent, seier leiaren i forvaltningstyret i Finnøy, Olav Halsne (KrF) til Øyposten.

- Viss me skal ta vare på landbruket må folk ha arbeid ved sida av, for mange av gardane her er for små til å gi eit levebrød åleine. Og viss arbeid ikkje kan skaffast i nærmiljøet, er alternativet å pendla. Kanskje heilt til Nord-Jæren. Då er det stor fare for at folk heller vel å flytta.

Difor gjer Espen Havn det heilt rette når han prøver å skapa sin eigen arbeidsplass på Bjergøy, meiner Halsne, som også viser til at planane hans er heilt i tråd med føringane i kommuneplanen om å skapa arbeidsplassar på dei ikkje landfaste øyane.

-Dette er den beste måten å oppretthalda landbruket i desse områda, seier KrF-politikaren.

Ifølge Halsne er difor frustrasjon stor i eit samla forvaltningsstyre når rådmannen i Finnøy vender  tommelen ned.

- Då er administrasjonen på total kollisjonskurs med eit samla politisk miljø, meiner han.

Forvaltningsstyret på si side gjorde eit samrøystes vedtak kor dei seier eit klart ja til planane.

-Men når fylkesmannen får saka blir det tatt lite hensyn til kva politikarane i Finnøy med sin lokalkunnskap meiner. Dei legg rådmannen sine vurderingar til grunn, og gir avslag. Det forskrekkar meg, seier Olav Halsne.

Han peikar også på at verksemda til Havn alt har eit midlertidig løyve.

-Då er det oppsiktsvekkande at rådmannen konkluderer med at det heller ikkje er grunnlag for å forlenga løyvet, når det går ut om to-tre år. Det ga meg verkeleg hakeslepp. Det er nettopp verksemder som dette med ønskjer, det er midt i blinken, seier Halsne.