Dagny Sunnanå Hausken

Alle meiningsmålingar tyder på at Senterpartiet vil koma inn med minst tre representantar i kommunestyret for Nye Stavanger. Det kan føra partiet inn i den attraktive vippeposisjon mellom dei  politiske blokkene, eller fleirtalskonstellasjonane som måtte oppstå etter valet. I dag har Senterpartiet berre ein representant i bystyret i Stavanger.,-Me har gode erfaringar med å samarbeida både med Ap og KrF, men Senterpartiet har på ingen måte lukka døra for andre, og ynskjer å avvente situasjonen til etter valet for å sjå kva det viser, seier Dagny Sunnanaa Hausken.,

Det er Rennesøy-ordføraren som toppar lista, med Bjarne Kvadsheim frå Stavanger på andreplass og sjernarøybuen Birger Hetland på tredje.

-Men eit svært godt val for Senterpartiet og partiet i ein mogleg vippesituasjon må jo vera eit draumescenario?

-Senterpartiet vil sjølvsagt ha størst  mogeleg innflytelse i politikken, og i Nye Stavanger er det ekstra viktig at distrikts- og landbrukskommunane Finnøy og Rennesøy blir representert. Primært for å sikra eit godt tenestetilbod både for desse to kommunedelane, men også for heile Nye Stavanger.

-Og då kan det paradoksale skje at du, som ein sterk motstandar av heile kommunereforma og kommunesamanslåinga med Stavanger, kan bli tilbudd vervet som varaordførar?,-Det ynskjer eg ikkje å spekulera i på det nåverande tidspunkt, så lenge partiet har valt å ikkje  gå ut med noko om kven dei vil samarbeida med. Det er det valresultatet og forhandlingane etterpå som vil avgjera.

Arbeiderpartiet sin  ordførarkandidat, Kari Nessa Nortun, sa under eit valmøte på Vikevåg onsdag kveld at det ideelle hadde vore eit Arbeiderparti-sentrum samarbeid. På møtet ble også finnøyordførar Halleland sitt utspel om at KrF også er viljug å sjå til venstresida om valresultatet gir grunnlag for det,  kommentert frå lokale partimedlemer.

Jon Asgaut Flesjå