Slutt for lensmannskontoret på Finnøy
Frå nyttår blir lensmannskontoret på Finnøy lagt ned som ein følgje av samanslåinga mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger.
-Politiet vil vera til stades sjølv om Ryfylkeøyane lensmanskontor blir lagt ned , seier Odd Tveit Jørgensen ved Stavanger politistasjon til Øyposten. Tveit Jørgensen er driftseiningsleiar for politiet i Stavanger og Ryfylke.,
Ifølge Tveit Jørgensen vil det vera ein eigen politikontakt ved politiet i Stavanger med ansvar for ryfylkeøyane.
Inn i rådhuset
- Me har forplikta oss til at poltikontakten skal ha ein-to kontordagar på Finnøy i veka, men eg har sagt minst to. Me har vore i dialog med Stavanger kommune om det er mulig at politikontakten kan få plass i rådhuset, og det har me fått svært positive tilbakemeldingar frå kommunedirektøren om, opplyser Tveit Jørgensen.
Leigekontrakten i det ombygde meierilokalet på Judaberg går ut om eit år, og politikontakten vil vera til stades i desse lokala eit par dagar i veka inntil vidare.
Fredelege øyar
- Kva vil dette bety for publikum?
-Mange av tenestane som er på kontoret i dag, vil bli levert frå Stavanger. Kontoret på Finnøy har ikkje hatt utskriving av pass, og det nærmaste kontoret for det vil fortsatt vera i Randaberg, seier Tveit Jørgensen.
-Vil folk kunna kjenna seg like trygge når politiet flyttar?
-Det vil dei. Det er veldig lite kriminalitet både i Rennesøy og Finnøy, spesielt i Finnøy, og mange av utrykningane skjer alt i dag frå Stavanger. Det er korte avstandar frå byen og ut til øyane, seier Odd Tveit Jørgensen.
Tomt bygg
Bakgrunnen for nedlegginga er at det ikkje er anledning til å ha meir enn eit politi- eller lensmannskontor i ein kommune. Lensmannskontoret på Finnøy blei oppretta i 2016, og har fem tilsette.
Det er ein lensmann, to betjentar, ein sivilt tilsett og ein politikontakt. Politikontakten blei oppretta som ein følge av poltireforma, og skal spesielt jobba med å forebygga kriminalitet. Øyane vil framleis vera under Stavanger og Ryfylke driftseining, men vil nå gå inn under Stavanger politistasjon.
I tillegg til at politiet flyttar ut, skal også Grieg flytta frå bygget og over i den nye basen som er under bygging på tomta til den tidlegare doktorbustaden på Judaberg. Det vil truleg skje i løpet av neste år.