Eit samrøystes formannskap vedtok i dag at også elbilar skal betale for passeringar i Finnfast. For tungtransport, derimot, så ynskjer politikaren i Finnøy å redusera bompengebelastninga for å skåne næringslivet .Det kan då få som konsekvens at nedbetalingsperioden kan bli forlenga utover 2024.,

Om kommunestyra i både Finnøy og Rennesøy sluttar seg til formannskapet si tilråding, vil dei nye  takstane tre i kraft frå 1. august i år. Formannskapet i Rennesøy, som også behandla saka i går, torsdag, støtta også Statens vegvesen si tilråding om at også nullutsleppsbilar skal betala bompengar i Finnfast