|

Den påtroppande varaordføraren i Nye Stavanger, og nåverande ordførar i Rennesøy, Dagny Sunnanå Hausken, er godt tilfreds med Senterpartiet si utteljing i den nye fleirtalskoalisjonen i den nye kommunen.

,- Eg synest me har fått god utteljing som det nest minste partiet i den nye koalisjonen, seier Hausken i ein kommentar. Senterpartiet får som kjent tre representantar inn i det nye kommunestyret i Stavanger.,-Når me har fått varaordføraren, så kan ein heller ikkje forvente å få så stor utteljing elles. Men me får nestleiaren i kultur og idrett, der Bjarne Kvadsheim blir vår representant. Me blir også representert i begge dei to hovudutvala.,-

Men eit framtidig «Øyfast» har de ofra i denne politiske prosessen for å koma i posisjon?

-Prosjektet ligg inne i den samarbeidsplattforma som er utarbeidd. Men det skal først takast omsyn til både det klimamessige aspektet, og kva samfunnsøkonomisk nytteverdi det har. Så får prosessen vidare avgjera dette, seier Hausken.

Senterpartiet har fått kritikk av finnøyordførar Henrik Halleland for det han meiner er mindre forpliktande formuleringar om Øyfast i den politiske plattforma.