Stort engasjement på aksjonsdagen

Kulturstova var fylt til siste benk, og vel så det då elevane på barnetrinnet på Sentralskulen inviterte foreldre og besteforeldre til aksjonsdag fredag.

Barnetrinnet på sentralskulen opptrådte under aksjonsdagen.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel
https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/10/IMG_066-.mp4

FINNØY:  

Sentralskulen har lange tradisjonar for å stella i stand aksjonsdag i forbindelse med TV-aksjonen, og i år var det elevane i 1. – 4. klasse som har regien.,

Elevane, som for anledninga hadde samla seg i eit stort kor, opna aksjonsdagen med to stemningsfulle songar, Anti jantelov og Skal vi være venner. Songane blei framført med innleving og engasjement, og det var ikkje fritt for at fleire i salen måtte svelgja ein ekstra gong.

Avdelingsleiar Anja Steinsland fortalte om temaet for årets TV-aksjon, og oppmoda dei frammøtte om å ta for seg av dei forskjellige aktivitetane som bringer inntekter til aksjonskassa.

- Me er svært takksame for den enorme jobben foreldra har gjort. Det hadde faktisk ikkje lete seg gjera å stella i stand eit slikt stort arrangement utan hjelp frå føresette. Det har rent inn med gåver til lotteriet og kaker og gjærbakst til kafeen. I år trur eg faktisk me alle kjenner oss litt ekstra gira, i og med at det ikkje blei aksjonsdag i fjor, smiler Steinsland.

Tidlegare år har elevane omsett for rundt 30 000 kroner på aksjonsdagen.

Publisert: