RENNESØY: Heile 16 fem-åringar frå Østhusvik barnehage fekk henta «heim» et eige tre frå juletregarden til Harald Fauskanger denne veka.

Det har vore tradisjon i mange år, både for Østhusvik og Bru barnehage, at dei får koma på besøk til «juletrekongen».

– Eg synest treet var for stort, eg. Eg liker ikkje når greinene stikker. Men det var fint, seier Linnea på fem år.

Heine, Linnea, William, Oscar, Otto og Odin venter på grillpølser frå bålpanna, som Harald Fauskanger hadde rigga til for dei besøkande. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Koseleg besøk

Hittil har det blitt reservert mellom 100-150 juletre på garden til Harald Fauskanger, men det er likevel nok av tre å velga frå, når barnehagebarna skal ut på tur for å finne sitt.

– Eg har hatt det slik at dei kan hente seg eit tre, i mange år. Eg synest det er koseleg når dei kjem på besøk. Det er ein kjekk tradisjon, seier juletrebonden.

Treet får barnehagen med seg gratis.

Etter ei stund fant barna endeleg sin favoritt. Eit mildt sagt, ganske stort tre som dei fekk vera med å skjera ned sjølv. Med god assistanse frå barnehagemedarbeidarane, sjølvsagt.

– Det er veldig kjekt at me får lov å henta treet sjølv. Det er ein kjekk tradisjon, og det er absolutt noko ungane ser fram til, seier ped. leiar i barnehagen, Grete Nådland.

Etter grilling og kakao gjekk turen tilbake til barnehagen. Der får juletreet heidersplassen utandørs, før det blir pynta med julelys.

https://www.oyposten.no/2021/11/11/mange-reserverer-tidleg-over-7000-tre-klar-for-arets-julefeiring/