Heidi Urtegård og Else Vignes hadde eit bord fyllt av sylta godsaker, mellom anna.|Unni Vignes på piano og Alida Landa stod for vakker song og musikk.

FINNØY: -Det er heilt strålande. Me har aldri fått inn så mykje før, tidlegare rekordar er slått med god margin, seier Unni Vignes til Øyposten.,

Ho stod i spissen for den 41. julemessa i Normisjon sin regi, ei julemessa som vel måp kallast ein tradisjon på øya.

Vignes rosar både gjevargleda og dugnadsinnsatsen på Finnøy.

Stor dugnadsinnsats

-Me hadde 80-90 personar som jobba dugnad for oss for å få messa i stand. I tillegg fekk me mange gåver, både pengar og gevinstar frå lokale firma, opplyser ho.

Unni Vignes på piano og Alida Landa stod for vakker song og musikk. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Julemessa, som opphavleg starta i Bethel, blei i år for første gang arrangert i Fleirbrukshallen. Der var det salg av masse ulikt, både håndarbeid, julekaker og juledekorasjonar, kor alle inntektene gjekk til Normisjon. Dessutan var det åresdalg og sal av graut og saft.

Alida Landa hadde fortyllande song med Unni Vignes på piano, og legen og misjonæren Erik Bøhler orienterte om arbeidet i Nepal.

Synlege resultater

Kjort oppsummert har Normisjon sitt arbeid i provinsen Okhaldunga i Nepal, godt støtta av mellom anna pengar frå Finnøy, mellom anna gjort at levealderen har gått opp frå 33 år i 1954 til 70 år i 2018. Samtidig har barenedødligheten blitt drastisk redusert.

Både trufaste messeslitarar og nye ansiklt hadde funne vegen til årets messe, og spesielt var borda med heimelaga produkt godt besøkt. Og best av alt gjekk kakesalet, ifølge rapportar frå salsborda.