Det blir nok ikkje så mykje snø, men kanskje det blir topp julestemning med litt snø likevel? Her frå Ombo ved ei tidlegare anledning.

STAVANGER: Lillejulafta, torsdag kveld, er det venta nordleg bris, med frisk bris på kysten. Det er også meldt om lokal tåke. Det kan komme sludd og regn, og i høgareliggande strøk kan det komme snø, melder Meteorologisk institutt.

På julafta er det mulig at det kan komme litt snø i indre strøk tidlegare på dagen. Det blir elles opphaldsvêr. Det vil koma opp til liten kuling i aust og nord-vest. Frå ettermiddagen ventes det nordleg bris, men med elles pent vêr og sol.

1. og 2. juledag ventes det liknande vêr som dei to føregåande dagane.