Liv Sofie Helgeland besøker grava til sonen sin på Finnøy, som offisielt ikkje eksisterer lenger.|Sjølv om grava offisielt er «sletta», er likevel den endelege hvilestaden til Sigurd Helgeland på Hesby fint pynta med blomster og tre steinhjerter.|Dei har eigentleg ikkje lov å setta opp ein gravstein ved grava til Sigurd. Men denne steinen som dei fann i hagen til ein av søstrene hans, fungerer i dag som ein provisorisk gravstein på Hesby.|Kyrkjeverge i Stavanger kyrkjelege fellesråd, Rune Skagestad, forstår at det er eitt sårt tema.

FINNØY:

For 18 år sidan døydde sonen, Sigurd Helgeland, uventa av hjartestans. Han blei berre 35 år gammal.,

– Det er utruleg vondt, seier Liv Sofie Helgeland frå Ombo til Øyposten, om det som har skjedd.

Då Sigurd døydde, hadde han nyleg gifta seg og bygd nytt hus på Finnøy, kor han jobba som avløysar. Han og kona fekk ingen barn saman.

Ikkje ny gravstein

Gravferda gjekk frå kyrkja i Hesby, kor Sigurd også blei gravlagd.

Då kona hans flytta frå Finnøy nokre år seinare søkte ho, og fekk lov, til å flytta gravsteinen. Dermed fekk den ein ny plass på Stangeland gravplass, som ligg i nærleiken av det som blei den nye bustaden hennar, på Karmøy.

Mora og familien har likevel alltid rekna kyrkjegarden på Finnøy som grava hans, sidan det faktisk er der Sigurd enno ligg gravlagd.

At gravsteinen skulle bli flytta, var mamma Liv Sofie Helgeland ikkje forberedt på. Ho tok det svært tungt.

Ein forespurnad om familien hennar kunne setja opp ein ny gravstein på kyrkjegarden, blei avslått av kyrkja i Finnøy.

Grunngjevinga var at ingen kan vera gravlagde to stader.

– Det skjønar eg ingen ting av, for guten min er jo gravlagd her. Gravminnet skulle aldri vore flytta i utgangspunktet, meiner Helgeland.

Sjølv om grava offisielt er «sletta», er likevel den endelege hvilestaden til Sigurd Helgeland på Hesby fint pynta med blomster og tre steinhjerter. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Ville ha gravsteinen nær

Øyposten har vore i kontakt med Torunn Vik Oseberg, enka etter Sigurd Helgeland. Ho seier at ho søkte om å få flytta gravminnet frå Hesby til Karmøy, for lettare å kunna stella grava til ektemannen.

Torunn og Sigurd var gift i rundt eit år, og saman flytta dei to inn i eit nybygd hus på Finnøy.

– Me rakk berre å bu der fem månader før han døydde. Gravsteinen som eg flytta til Karmøy kom frå tomta til huset vårt. Det var ein flott stein, som eg er veldig stolt av, seier ho, og legg til at forholdet til familien til ektemannen nok ikkje er det aller beste.

– Men det oppfattar eg ikkje som min feil, seier ho.

– Forstår det er sårt

Det er ikkje heilt uvanleg at det kjem spørsmål om å flytta gravminnet til ein avdød til ein annan plass, gjerne nærare der pårørande har flytta til, ifølge kyrkjeverge Rune Skagestad i Stavanger kyrkjelege fellesråd.

Kyrkjeverge i Stavanger kyrkjelege fellesråd, Rune Skagestad, skjønar godt at det kan oppstå såre følelsar i slike saker.

– Eg skjønar godt at dette kan skapa såre følelsar. Men det er viktig å vera klar over at det er festar av grava, ofte gjenlevande ektefelle, som er næraste pårørande og den som bestemmer over gravferda og over grava, seier kyrkjevergen til Øyposten.

Det kom ny gravplassforskrift i 2003 som åpna for denne muligheten.

– Det som er gjort i denne saka frå kyrkja i Finnøy er heilt i tråd med forvaltninga som er i Stavanger kyrkjelege fellesråd og i landet elles, seier Skagestad.

Han legg til at det er vanleg at det på gravsteinen på den nye gravplassen gjerne står «til minne om», noko som indikerer at vedkomande er gravlagd ein annan stad. Viss gravminnet blir flytta til ein annan kyrkjegard må også gravsteinen på den opprinnelege grava fjernast.

– Då blir det berre plen der, for i Norge kan ingen ha fleire gravsteinar samtidig, fortel Skagestad.

Den opprinnelege grava vil likevel vera freda i 20 år, noko som betyr at ingen andre kan gravleggjast der før tidlegast etter at denne fredningstida er over.

Dei har eigentleg ikkje lov å setta opp ein gravstein ved grava til Sigurd. Men denne steinen som dei fann i hagen til ein av søstrene hans, fungerer i dag som ein provisorisk gravstein på Hesby. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Bekymra for 20-årsregelen

Sjølv om grava offisielt er «sletta», er likevel den endelege hvilestaden til Sigurd Helgeland på Hesby fint pynta med friske blomster, ei blomstrande kvit julerose og tre hjerter av stein.

– Grava var så tom og naken utan stein. Sjølv om me eigentleg ikkje har lov, ville eg at Sigurd i alle fall skulle ha eit lite gravminne på grava si, seier Liv Sofie Helgeland.

Dei fann også ein fin stein heime i hagen til ei av søstrene til Sigurd. Denne vart rissa inn med navnet hans, samt fødsels- og dødsdatoen, for å visa at dette er grava hans.

Mora tar ofte turen frå Ombo til Finnøy for å stelle med grava. Men no som det nærmar seg 20 år sidan sonen døydde, uroar ho seg for kva som kjem til å skje.

– Det verste som kan skje er at det plutseleg er ei anna grav her, seier Helgeland tankefullt.