Tor Bernhard Harestad er klar for ein ny sesong på Lofotfisket.

RENNESØY:

Natt til tysdag blei fiskebåten til Harestad, "Herkules II" heist ombord i i fraktebåten "Silver Pearl" utfor kaien på Bru med kurs for Lofoten. Med i lasta var også fiskebåten til Otrto Vistvik frå Randaberg.,

Harestad har ein kvote på vel 15 tonn som skal fiskast i år, og med seg på båten har han  pensjonert tingrettsdommar Helge Bjørnestad og to til.

-Eg blei invitert med med som mannskap, og kunne ikkje seia nei. Dette er ei oppleving som andre betalar tusenvis for å vera med på og bare får fiska med pilk. Me fiskar med garn som er fulle av svær torsk. Den fisken som blir fiska rundt øyane her er bare stinter til samanlikning, seier Bjørnestad til Øyposten.

https://www.oyposten.no/2020/12/28/oybuar-vil-oppleve-fiskeeventyr-i-lofoten/

Det er andre året han er med på lofotfisket. Også i fjor var han mannskap på fiskebåten til Harestad.

-Dette er knallhardt arbeid og Vestfjorden er berykta. Eg har aldri opplevd maken til forferdeleg sjø. Då må du halda deg godt fast, mens garna blir trekte og fisken bløgga, seier Bjørnestad, og legg til at han var "besvimelsen nær" då kvelden kom og ikkje hadde nokon vanskar med å sova sjølv om madrassa var både tynn og hard.

-Blei du ikkje sjøsjuk?

-Det var nok mange som trudde Tor Bernhard ville ha fint lite hjelp i ein akademikar som meg. Eg kom bare til å hengja over rekka og spy, meinte dei nok. Det var nære på å bli slik, men eg brukte sjøsjukeplaster, seier Bjørnestad, som er fasinert både av fisket og av miljøet under lofotfisket.

-Å treffa fiskarar frå Finnmark, Troms og Nordland som gir seg havet i vold i halvsmå båtar mens det snør sideveis er totalt annanleis enn kva eg er van med, seier Helge Bjørnestad, som reiser til Lofoten med "skrekkblanda fryd".

https://www.oyposten.no/2020/01/01/til-lofoton-for-a-laera/

Til alt hell blei det oppdaga småtrøbbel med fiskebåten "Herkules II" mens den ennå låg ved kai på Bru, og Tor Bernhard Harestad rosar innsatsen til Edvin Ydstebø i Marineservice på Kvitsøy opp i skyene for at han fekk båten i orden og klar til årets fiske.

-Han gjorde ein knalljobb og stod på i tre dagar for å få båten klar, seier Harestad, som håpar at den verste korona'en har gitt seg i området til han kjem heim om nokre veker.

Då håpar han at kan begynna for fullt i politikken igjen.