MOSTERØY:

-Det ligg ikkje meir dramatikk i dette enn at eg lite motivert, og må prioritera andre oppgåver. Men ein av hovudgrunnane er også at eg ueinig i det som fleire i mitt parti, og mange andre i det politiske miljøet i tidlegare Rennesøy kommune er oppteken av, nemleg det å bruka storparten av sin politiske tyngde og masse ressursar på å utvikla eit kommunedelssenter i Vikevåg som eg berre trur vil bli eit senter for dei få, og for dei som bur der.,

- Men både i intensjonsavtalen og i det politiske arbeidet i den nye kommunen har dette vore eit heilt sentralt og viktig tema? Er ikkje det då ei falitterklæring frå di side med tanke på dette. Ei handling og eit standpunkt  som også kan vera med på å svekka dette for mange så viktige arbeidet?

For dei som bur der

-Jo, kanskje. men eg meiner meir det er ein erkjennelse av dei faktiske forholda?

,-

På kva måte då?

-For å kunne utvikla eit kommunedelssenter må det vera naturleg at dei mange faktorane som skal til for at det i praksis vil skje, er på plass. Då tenkjer eg mest på at storparten av infrastrukturen må vera på plass. Det er her eg ser at Vikevåg har mange utfordringar med si lokalisering, og at den naturlege trafikken knyta til både handel og andre gjerdemål på dagtid ikkje er på plass og vil koma med dagens trafikkmønster og slik folk orienterer seg i kvardagen. Difor trur eg diverre at Vikevåg berre vil bli eit kommunedelssenter for dei som bur der, slår Adsen fast.

Adsen bur sjølv på Mosterøy, og arbeider til dagleg ved Universitetet i Stavanger (UIS). Han er i dag 3. varamedlem til kommunedelsutvalget i Rennesøy.

  -Klassisk Mosterøy-Rennesøy konflikt

Tidlegare varordførar og ordførar i Rennesøy kommune, Jostein Eiane Kr.F, tek den lokale Ap- toppen sine lokalpolitiske krumspring med stoisk ro, og meiner den har sitt opphav i den gamle og klassiske Mosterøy-Rennesøy rivaliseringa.

-Eg kunne sagt mykje om det, men lar det likevel liggja, seier Eiane.

-Det som er viktig no, er å oppfylla det som var eit heilt sentralt og viktig krav frå Rennesøy si side ved kommunesamanslåinga, nemleg dette med å få på plass eit større offentleg nybygget i Vikevåg sentrum, seier Eiane.

Eit  bygg som skal innehalda dei mange servicefunksjonane som er knyta til lokaliteter for både helsetjenester med lege, helsestasjon, eit tverrfagleg lavterskeltenester knyta til psykisk helsevern, rusvern og NAV osv..I tillegg til tannlege, frivillegheitssentral og eit nytt servicetorg for innbyggjarane i Rennesøy kommunedel, slik det står nedfelt i intensjonsavtalen.

Alt for tregt

-Dette arbeidet går alt for tregt, og kommunedirektøren har også fremja forslag om at dette planarbeidet skal utsetjast i ytterlegare eitt halvt år. Det er på ingen måte akseptabelt, seier ein engasjert eksordførar, som lovar å ta dette opp både i kommunedelsutvalget og inn i kommunestyresalen.

-Det hjelper lite om ein set av midlar i ein langsiktig økonomiplan. No må dette planarbeidet koma i gong. Når det er avklart og bygget på plass vil det gi betydelege synergiar for ein sentrumsutvikling i Vikevåg, meiner Eiane.